Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 2.1–2.6

2.1

Friluftslova § 2. (Ferdsel i utmark), første ledd lyder slik:

I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.

Tolking av denne regelen krev ei avklaring av kva som skal forståast med «utmark». Det første som bør gjerast, er å undersøkje om lova sjølv har definert omgrepet nærare. Definisjonar står som regel i starten av lova. Det er derfor lett å finne § 1a. (Hva som forstås med innmark og utmark). Vi ser med ein gong at omgrepa innmark og utmark er knytte til kvarandre. Det følgjer av § 1a andre ledd at utmark er mark som ikkje er innmark, og innmark er nærare definert i første ledd i føresegna.

Ordlyden i § 1a første ledd gjev oss argument for korleis vi kan avgrense og presisere omgrepet innmark. Vi kjem ikkje til botnen av problemet, men lovteksten fører oss eit godt stykke på veg. Som innmark reknar vi «gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område […]». Desse omgrepa skaper nye, men meir avgrensa tolkingsproblem.

Lovteksten forklarer ikkje desse omgrepa. Vi må derfor hente argument frå andre rettskjelder dersom vi er usikre på forståinga. Rettspraksis peikar seg ut som ei relevant rettskjelde.

Ord som «gårdsplass» og «dyrket mark» er ikkje spesielt problematiske. Det har derimot vist seg at omgrepet «hustomt» har skapt problem, og det finst ein omfattande rettspraksis som kastar lys over korleis dette omgrepet skal forståast i friluftslova.

Spør du ein ingeniør i plan- og bygningsetaten i ein kommune om kva som er meint med hustomt, vil han eller ho ganske sikkert sjå føre seg eit kart der grensene for tomta er markerte. Ei hustomt er heile det jordstykket som er markert på kartet. Slik vil forståinga av ordet «hustomt» vere i plan- og bygningslova. Men skal same forståing leggjast til grunn i friluftslova? Nei, har Høgsterett sagt i fleire avgjerder. Dersom vi tolkar omgrepet i lys av føremålet med friluftslova (§ 1), som er å sikre rett til ferdsel i naturen for allmenta, skal omgrepet «hustomt» tolkast innskrenkande.

Ved små tomter, til dømes ei tomt på 1000 m2, kan heile tomta innanfor dei formelle grensene stort sett vere innmark. Ved store tomter stiller saka seg annleis. I RT-2005-805 uttalte førstvoterande dommar seg slik:

  1. Spørsmålet om hvordan uttrykket «hustomt» i friluftsloven § 1 a skal forstås, har tidligere vært behandlet av Høyesterett i Rt-1998-1164 (Furumoa-dommen). Førstvoterende uttaler i denne dommen på side 1171:

    «Uttrykket hustomt er ikke noe entydig juridisk begrep, og må derfor etter mitt syn fortolkes i den sammenheng det blir benyttet. Dette fremgår også av Friluftslovkomitéens innstilling side 57. Slik jeg ser det, vil det være i strid med friluftslovens grunntanke å anse en eiendom med et areal på 13.379 m2 som hustomt i sin helhet. Stilt overfor de interesser som ferdselsretten representerer, må uttrykket hustomt begrenses til den mer private sonen rundt bolighuset.»

  2. Dette er jeg enig i

Vi kan lese ut av dette at «hustomt» skal forståast som ei privat sone rundt huset. Grensene for denne sona må avgjerast etter ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, der føremålet med friluftslova er eit sentralt tolkingsmoment. Resten av eigedommen er utmark der folk kan ferdast slik friluftslova fastset. Slik tolking kan gje allmenta tilgang til strandområde og andre attraktive område som er eigde av privatpersonar.

Vi kan samanfatte slik: Ei tolking av omgrepet «utmark» gjer vi ved å hente argument dels frå lovteksten, dels frå rettspraksis, særleg frå høgsterettsdommar.

Kva slags ferdsel som er tillaten i utmark, må også avklarast. Lovteksten sjølv seier «ferdes til fots». Når lovteksten i § 2 andre ledd skil ut ferdsel med hest, kjelke, trøsykkel eller liknande, og seier at slik ferdsel berre er tillaten på veg eller sti, blir mykje avklart. Skulle det dukke opp eit problem med retten til å gå på ski, må vi ta stilling til om ein skiløpar skal reknast som fotgjengar eller om han, etter ei analogisk tolking, skal reknast tilsvarande ein person på kjelke eller sykkel. Svaret avgjer om det er lovleg å gå på ski utanfor løypene. Her finst det ikkje rettspraksis, men reelle omsyn talar vel for å behandle skiløparar som fotgjengarar.

2.2

Hovudproblemet er å tolke omgrepet motorvogn i vegtrafikklova § 1.

Vi kan først gå til lovteksten i vegtrafikklova § 2 andre ledd. Der finn vi ein definisjon på motorvogn. Først blir køyretøy definert: «… innretning som er bestemt til å kjøre på bakken uten skinner.» Ei kjend skildring er «skjenelaus køyregreie». Motorvogner er køyretøy som blir drivne med motor. Unntaket for køyretøy som går på skjener, inneber at tog og trikk ikkje er motorkøyretøy. Vi kan også finne lovtekst i andre lover, til dømes i bilansvarslova § 3, som kastar lys over korleis omgrepet er å forstå. Omgrepet motorvogn tyder i hovudsak det same i vegtrafikklova § 2 og bilansvarslova.

Førearbeida til vegtrafikklova tyder på at omgrepet motorvogn skal tolkast utvidande.

Fra Ot.prp. nr. 23 (1964–65) sakses:

«Med den foreslåtte definisjon og tilknytningen til bilansvarslovas definisjon, er motorvognbegrepet blitt betydelig utvidet i forhold til gjeldende motorvognlov. Det er i seinere år skjedd en rivende teknisk utvikling, og det er kommet i bruk en rekke selvtransporterende arbeidsredskap som i stor utstrekning nyttes på veg. Det gjelder til dels konstruksjoner bygget på vanlig lastebilunderstell og som derfor til dels kan kjøres med forholdsvis stor fart, f.eks. stigebiler, løftekraner og lasteapparater. Likeledes er det i bruk en rekke forskjellige traktorer, hjul- og beltelastere, gaffeltrucker, bulldozere og gravemaskiner, vegarbeidsmaskiner, transporttraller og annet transportutstyr, dels beregnet på intern transport, renholdsmaskiner og rene jordbruksmaskiner. Man har sett det slik at det ikke kan antas å være noen reell grunn til at slike motorvogner og kjøretøyer uten nærmere vurdering skal unntas fra lovens krav.»

Lovgjevaren har altså sett føre seg at motorkøyretøy omfattar løftekraner, lasteapparat, gaffeltruckar, bulldosarar, gravemaskiner m.m. Det er i førearbeida også drøfta at barneleiker etter omstenda kan vere køyretøy. Dette tyder på at omgrepet skal tolkast svært utvidande.

Rettspraksis kan også gje argument for om du har med ei motorvogn å gjere. I høgsterettsdommen HR-2016-2228-A heiter det:

«… tohjulet selvbalanserende kjøretøy – en såkalt Segway. Høyesterett fant det klart at kjøretøyet, som var bestemt til å kjøre på bakken uten skinner, og som ble drevet frem av en elektrisk motor, ble omfattet av motorvogndefinisjonen i vegtrafikkloven § 2 andre ledd.»

Etter Segway-dommen blei det utarbeidd ei ny forskrift som fastsette at slike sjølvbalanserande køyretøy ikkje skulle reknast som køyretøy likevel. Departementet hadde heimel i vegtrafikklova § 2 tredje ledd til å fastsetje dette i forskrift. Segway-dommen blei på den måten sett ut av spel.

I juridisk teori og ved vurdering av reelle omsyn er det vanleg å leggje stor vekt på om eit motorkøyretøy kan representere ein reell fare i trafikken på grunn av fart og tyngde. Slik vil ein traktorliknande grasklippar vere eit motorkøyretøy, men ikkje ein elektrisk, sjølvgåande grasklippar som blir styrt av ein person som går på bakken.

Vi kan seie det slik: Motorvogn skal som hovudregel tolkast utvidande, men forskrifter kan likevel avgrense rekkjevidda av føresegna.

Det følgjer av vegtrafikklova § 1 at lova også gjeld for «annan ferdsel» (enn trafikk med motorvogn). Eit typisk døme er ferdsel med sykkel, rulleski osv. Her gjeld det å sjå at lovteksten nemner «bare på veg». Farleg råkøyring med sykkel blir ramma av lova dersom ho skjer på veg.

2.3

Løsningsforslag

Den vanlege, språklege forståinga av ordet «ekteskap» er eit samlivsforhold mellom ein mann og ei kvinne som er stifta basert på reglane i ekteskapslova. Ordet «ektefelle» er då nemninga på ein av dei to personane i eit slikt ekteskap.

Samfunnsforhold og ny lovgjeving kan endre kva som er vanleg språkleg forståing. Det første folk flest har tenkt på når dei høyrer ordet ektefelle, er nok ein mann eller ei kvinne som lever i eit formelt gyldig ekteskap med ein person av motsett kjønn. Denne forståinga kan endre seg med samfunnsutviklinga.

Ekteskapslova har ingen legaldefinisjon av omgrepet «ekteskap», men det går fram av § 1 at ekteskap kan inngåast mellom to personar av motsett eller same kjønn. Det vil seie at både «ektefelle» og «ekteskap» skal tolkast utvida i forhold til vanleg språkbruk.

2.4

  1. Spørsmålet er om det er tillate å drepe mus i skogen.

    Vi går først til lovteksten og tek utgangspunktet i naturmangfaldlova § 15, som mellom anna fastset at «[h]østing og annet uttak av naturlig viltlevende dyr skal følge lov eller vedtak med hjemmel i lov».

    Det er så vidt eg veit, inga lov som på generelt grunnlag tillèt uttak (dreping) av mus, og det er heller ikkje gjort noko vedtak med heimel i lov om at mus skal drepast. Musedrap må derfor ha heimel i naudverjeføresegna i naturmangfaldlova § 17 første ledd, der det mellom anna står at «[s]mågnagere […] kan avlives hvis det er nødvendig for å hindre skade på person eller eiendom». Det fortel oss at det berre er tillate å drepe mus når det er nødvendig. Det kan til dømes vere nødvendig for å hindre skade på avlingar, matlager, bustad osv. Det må liggje føre ei form for naudssituasjon. Gjer det ikkje det, er musedrap forbode og kan i prinsippet vere straffbart.
  2. Spørsmålet er om det er lovleg å felle ulv.

    På same måten som i spørsmål a, må vi ta utgangspunkt i naturmangfaldlova § 15. Felling av ulv må ha heimel i lov eller vedtak med heimel i lov. Utan heimel er felling av ulv forbode og straffbart. Felling som ikkje har heimel i lov eller vedtak, kan derfor berre gjerast med heimel i naudverjeføresegna i naturmangfaldlova § 17 andre ledd.

    For det første kan ulven drepast dersom det blir rekna som «påkrevd (nødvendig) for å fjerne en aktuell og betydelig skade på person». Ein ulv som til dømes opptrer trugande mot eit menneske, kan fellast.

    Ein ulv kan også fellast av eigaren når det blir rekna som «påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe». Det er ikkje nok at ulven luskar i nærleiken – han må ha gjort seg klar for eit angrep der og då, eller sett angrepet i gang. Det er berre eigaren av bufeet m.m. eller representanten hans, som kan felle ulven, ikkje andre personar. Og det er berre dei dyra som er nemnde, som er verna. Eit ulveangrep mot katten gjev ikkje grunn for felling i naudverje.

    Etter § 15 krevst det «vedtak med hjemmel i lov» for å felle ulv. Slik heimel er gjeve i § 18. Vedtak om felling av ulv kan etter § 18 første ledd bokstav b gjerast for å avverje skade på husdyr. Spørsmålet om eit slikt vedtak er lovleg, skal tolkast i lys av § 18 andre ledd, som seier at vedtak «bare kan treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte».

    For å avgjere om overlevinga for ein bestand er truga, kan det vere nødvendig å undersøkje ei rekkje rettskjelder, mellom anna om norske forpliktingar i internasjonale konvensjonar om vern av naturen.

2.5

  1. Spørsmålet er om A overnattar i fritidsbustad i ein annan kommune enn der han er folkeregistrert. Det einaste som kan redde A, er at leilegheita ikkje er å rekne som fritidsbustad. Opplysningane tyder på at leilegheita er ein nødvendig bustad som blir nytta til jobbføremål. Fritidsbruken i enkelte helgar er ikkje hovudføremålet. Leilegheita er derfor ikkje ein fritidsbustad. A kan ikkje straffast.
  2. Spørsmålet er om B kan overnatte på hytta for å utføre nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverje store materielle skadar. Det er ikkje tvil om at hytta er fritidsbustad i ein annan kommune enn der B er folkeregistrert. Det er derfor berre vilkåret om nødvendig vedlikehald eller tilsyn som kan redde B frå straff. Det må vere fare for «store materielle skader». Det vil seie at det må vere mykje snø på taket, så mykje at det trugar hyttekonstruksjonen.
  3. Spørsmålet er om C kan overnatte på hytta for å utføre nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverje store materielle skadar. Hytta er fritidsbustad i ein annan kommune. Spørsmålet er om beising av fasaden er nødvendig for å redde hytta frå «store materielle skader». Det er det ikkje. C kan straffast dersom ho overnattar på hytta.
  4. Spørsmålet er om D kan straffast for å ha overnatta på hytta. Ho kom fram klokka 00.30, og eg føreset at ho reiste heim om dagen same dato. Vanleg språkleg forståing av ordet «overnatte» er å vere ein stad gjennom natta. Det talar for at D kan straffast for overnattinga. Ein forsvarar vil nok leggje vekt på at overnatting tyder at ein er ein stad frå éin dato til ein annan, altså at ein er på hytta klokka 24.00. Føremålsvurderingar (reelle omsyn) talar for at D overnatta. Eg trur ho vil kunne straffast.
  5. Spørsmålet er om E kan straffast for å ha overnatta på fritidseigedom i ein annan kommune. Ordlyden i forskrifta stiller ikkje krav om at den tiltalte må eige eigedommen. Utleigehytter er å rekne som fritidseigedom, og sidan hytta ligg i ein annan kommune, kan E straffast.

2.6

Oppgåva eignar seg ikkje for eit «fasitsvar», men eg skriv ei lov som illustrerer prinsippet for korleis lover skal konstruerast. Lova er inspirert av eit satirisk lovforslag under samfunnsdebatten om frihandel og toll på 1800-talet. Lovforslaget blei lagt fram som eit brev frå «Lysestøyparanes fagforeining», som såg sola som ein farleg konkurrent og ein trussel for arbeidsplassane sine:

Lov om blending

§ 1   Føremål

Føremålet med lova er å hindre sollyset i å trengje inn i hus.

§ 2   Verkeområde

Lova gjeld alle norske bygningar.

§ 3   Definisjonar

  1. Bygning: bustadhus, leilegheiter, fritidsbustader og liknande som er meint for opphald av menneske, inkludert industri- og handelslokale.
  2. Blending: tildekking av vindauge på ein måte som hindrar sollys i å sleppe inn, til dømes tette gardiner, rullegardin eller liknande.

§ 4   Påbod om blending

Blending er påbode frå soloppgang til solnedgang heile året.

§ 5   Dispensasjon

Kongen kan gje dispensasjon frå påbodet i § 4 dersom det kan påføre noka urimeleg skade eller ulempe.

§ 6   Straff

Forsettleg eller aktlaust brot på føresegnene i denne lova blir straffa med bot eller fengsel i inntil 10 dagar.