Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 41

  1. Kva skil rettsreglar frå andre normer og reglar?

    Rettsreglar er kjenneteikna ved at dei er vedtekne av offentlege organ, til dømes Stortinget eller eit departement. Styresmaktene kan straffe eller bruke makt for å få folk til å følgje lovene. Dei mest alvorlege lovbrota kan føre til fengsel eller anna straff.

    Brot på andre reglar, som ikkje er rettsreglar, gjev verken straffansvar eller erstatningsansvar.

    Nokre av desse reglane er knytte til skikk og bruk. Enkelte regelbrot kan likevel få store konsekvensar for den enkelte, til dømes brot på ikkje straffbare dopingreglar i idretten.

    Mange rettsreglar har eit etisk og moralsk fundament. Reglane om drap og tjuveri i straffelova kan vi kjenne att i dei ti boda: «Du skal ikkje slå i hel» (femte bod), og «Du skal ikkje stela» (sjuande bod). Drivkrafta for å gjere etiske og moralske normer til rettsreglar finn vi i det at samfunnet har behov for ro, orden og tryggleik. Mange etikk- og moralreglar er likevel ikkje rettsreglar, til dømes reglar om bordskikk, vanleg høflegheit og mykje anna.

  2. Kva er eit rettsspørsmål?

    Eit rettsspørsmål skil seg frå andre spørsmål fordi du må bruke rettsreglar for å løyse det.

    Alle rettssaker reiser spørsmål om jus og faktum. Spørsmålet om det var A som slo først, er eit spørsmål om faktum, altså om kva som eigentleg skjedde. Spørsmålet om slaget skal vurderast som kroppskrenking eller uskyldig dytt, er eit juridisk spørsmål ‒ eit rettsspørsmål.

    På same måten vil eit spørsmål om mangelen (skaden) oppstod før eller etter levering, vere eit spørsmål om faktum. Spørsmålet om mangelen er uvesentleg, er eit juridisk spørsmål ‒ eit rettsspørsmål.

    Vi skil mellom generelle rettsspørsmål og individuelle rettsspørsmål.

    Generelle rettsspørsmål er spørsmål om kva for reglar som gjeld i situasjonar som er felles for alle, eller ei gruppe personar. Eit døme er: «Kva for reglar gjeld for formueforholdet til ektefellar?» Spørsmålet er generelt fordi vi er ute etter dei reglane som gjeld for alle ektefellar. Eit anna generelt rettsspørsmål kan vere: «Kva skal til for å få rett til å heve eit kjøp?» Også dette spørsmålet er generelt fordi det blir stilt spørsmål om reglar som gjeld for alle kjøpsavtala.

    Individuelle rettsspørsmål er spørsmål om kva for reglar vi skal bruke for å løyse eit konkret tilfelle, til dømes i ei sivil sak mellom to partar eller ei straffesak. Skal du løyse eit individuelt rettsspørsmål, må du først formulere spørsmålet generelt for å fastleggje innhaldet i dei reglane du vil bruke. Deretter må du vurdere om det konkrete tilfellet passar til den generelle regelen. Dette blir på fagspråket kalla subsumsjon.

  3. Kva er ei rettskjelde? Set opp ei liste over dei viktigaste rettskjeldene og forklar kort kva dei går ut på.

    Ei rettskjelde er ei kjelde der du kan hente argument for å løyse rettsspørsmål. Rettskjeldene er verktøykassen til juristane. Juridisk metode er læra om kva for rettskjelder som finst, og korleis dei argumenta som kan hentast frå dei, blir vektlagde og vegne mot kvarandre.

    Det er vanleg å dele rettskjeldene inn i

    • Lovtekstar
      Det som står i lova. Lovtekstar omfattar også forskrifter som er fastsette i medhald av lov. Omgrepet «lovtekst» skal, når det er behov for presise formuleringar, ikkje blandast saman med «rettsregel». Ein lovtekst er éi av fleire rettskjelder som blir brukte til å formulere ein regel som gjev uttrykk for gjeldande rett.
    • Førearbeid til lover
      Dokument som er utarbeidde i samband med lovvedtaket. Viktige dokument: Stortingsproposisjonar. I dei finn ein kommentarar til dei enkelte paragrafane i lova og ei framstilling av kvifor lova er ønskt.
    • Rettspraksis
      Dommar frå Høgsterett, lagmannsrettane og tingrettane.
    • Forvaltningspraksis
      Korleis forvaltninga har praktisert lova i tidlegare saker. Gjeld også domstolliknande organ som Forbrukarklageutvalet (FKU) og ei rekkje andre utval.
    • Sedvane
      Normer og skikkar i privat sektor som blir følgde som om dei er reglar.
    • Juridisk teori
      Rettsvitskaplege bøker som er skrivne av kjende (og mindre kjende) juristar.
    • Reelle omsyn
      Føremålsvurderingar og interesseavvegingar.
  4. Kva meiner vi med «lovtekst»?

    Med lovtekst siktar vi til ordlyden i ei stortingsvedteken lov eller i forskrifter som er fastsette med heimel i slik lov.

    Som nemnt under spørsmål 3 bør omgrepet «lovtekst» ikkje forvekslast med «rettsregel». Ein rettsregel er den regelen vi utleier etter å ha henta og lagt vekt på argument frå alle relevante rettskjelder. Ein rettsregel er eigentleg ikkje direkte leseleg. Han kan presiserast og avgrensast med meir eller mindre omfangsrike skildringar. Ordet «mangel» i kjøpslova er del av ein lovtekst, men kva som er rettsregelen om manglar, krev omfattande bruk av alle rettskjelder.