Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 51

  1. Kvifor må lovtekstar tolkast?

    Lovtekstar må alltid tolkast når vi brukar dei. Det gjeld anten rettsspørsmålet er generelt eller individuelt.

    Lovtekstar inneheld som regel vage og generelle ord og uttrykk utan eit klart og eintydig meiningsinnhald. Lovene brukar til dømes ord som edrueleg, påliteleg, ueigna, aktlaus, rimeleg, vond tru osv. Slike og mange andre ord og uttrykk må tolkast i den samanhengen dei står.

    Vi kan trekkje fram barnelova § 48 som døme. Føresegna seier at avgjerder om foreldreansvar, flytting ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med, og samvær først og fremst skal rette seg etter det som er best for barnet. Denne lovteksten må tolkast, generelt og konkret for enkelttilfelle.

    Eit anna døme kan vere arbeidsmiljølova § 9-3, som forbyr ein arbeidsgjevar ved tilsetjing å be søkjaren om «andre helseopplysninger enn dem som er nødvendige» for jobben. Kva er eigentleg meint med helseopplysningar, og dersom noko først er ei helseopplysning, kva gjer henne nødvendig? For å finne ut av dette må den som skal bruke lova, leite i rettskjeldene for å få svar.

  2. Kva meiner vi med utvida tolking?

    Utvida tolking tyder å leggje meir i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for. Ei utvida tolking føreset at det finst støtte for henne i andre lover eller paragrafar, lovførearbeid, rettspraksis, juridisk teori eller reelle omsyn.

    Eit døme kan vi hente frå vegtrafikklova, som brukar omgrepet «motorvogn». Det følgjer av vegtrafikklova § 2 andre ledd at motorvogner er alle køyretøy som ikkje går på skjener, og som blir drivne fram med motor. Det opnar for at ei rekkje større typar hjulgåande maskiner og reiskapar er motorvogn. Det same kan batteridrivne sparkesyklar, elsyklar m.m. vere, med mindre departementet har fastsett at køyretøyet likevel ikkje er eit motorkøyretøy. Vi kan trygt seie at «motorvogn» skal tolkast utvidande, av omsyn til trafikktryggleiken.

    Omsynet til rettstryggleik og føreseieleg rettargang kan ofte tale imot utvida tolking. Når vi snakkar om legalitetsprinsippet, jf. Grunnlova § 113, kan utvida tolking fort kome i strid med dei omsyna som talar for lovkrav, til dømes ved spørsmål om straff eller andre inngrep i private forhold. Læreboka har brukt RT-1973-433 (Passbåtdommen) som eit døme, der ein båtførar blei dømd til straff fordi passbåt blei tolka som «skip». Omsynet til tryggleik til sjøs talte for ei utvida tolking. Det kan nok hevdast at eit slikt tilfelle neppe ville fått same utfall i eit anna land der dommarane som regel held seg strengare til ordlyden, av omsyn til rettstryggleik og føreseieleg rettargang.

  3. Kva meiner vi med innskrenka tolking?

    Innskrenka tolking tyder å leggje mindre i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for. Argument til støtte for innskrenka tolking kan vere at eit tilfelle ikkje er dekt av føremålet med lova, eller at lovgjevarane ikkje ville ha meint at eit tilfelle skal rammast av lova, dersom dei hadde tenkt på dette då lova blei til.

    Omsynet til rettstryggleik og føreseieleg rettargang kan også i ein del tilfelle tale imot innskrenka tolking. Regelverk i norsk rett som gjeld legalitetsprinsippet, jf. Grunnloven § 113, er ofte konstruert med ein hovudregel og éin eller fleire unntaksreglar, til dømes som i likestillings- og diskrimineringslova § 6 og § 9. Innskrenka tolking av ein unntaksregel vil samtidig vere ei utvida tolking av hovudregelen. Omsynet til lovkravet i Grunnlova § 113 talar for at det skal mykje til for å avvike mykje frå ordlyden i ein lovtekst.

    Læreboka viser til RT-1993-1260 Innekattdommen som eit tydeleg pedagogisk døme. Sett i lys av at føremålet med reglane er å verne utemiljøet valde Høgsterett å tolke «Katt forbode» med unntak for innekattar.

    Eit anna døme kan hentast frå friluftslova § 1a der tolkinga av omgrepet «hustomt» var eit tema. I den sentrale dommen RT-1998-1164 (Furumoadommen) uttalte førstvoterande (på side 1171):

    «Slik jeg ser det, vil det være i strid med friluftslovens grunntanke å anse en eiendom med et areal på 13.379 m2 som hustomt i sin helhet. Stilt overfor de interesser som ferdselsretten representerer, må uttrykket hustomt begrenses til den mer private sonen rundt bolighuset.»

    Den språklege forståinga av omgrepet «hustomt» er truleg dei grensene for ein eigedom som er registrert og tinglyst i offentlege register. Høgsterett tolkar derfor omgrepet innskrenkande til ei privat sone rundt huset eller hytta. Resten av eigedommen er derfor utmark der folk kan ferdast fritt innanfor rammene av friluftslova. Ei innskrenkande tolking av «innmark» er samtidig ei utvidande tolking av «utmark».

    Furumoadommen er følgd opp i fleire andre dommar, til dømes i RT-2014-36, der nedfartane i eit alpinanlegg ikkje blei rekna som innmark (men altså som utmark) etter definisjonen i friluftslova § 1a. I RT-2012-882 blei ein kyststi som blei anlagd over privat eigedom, også rekna som utmark.

  4. Kva meiner vi med analogisk tolking?

    Analogisk tolking er å gje lovteksten eit meiningsinnhald utanfor ramma av ordlyden. Slik tolking har mykje til felles med utvidande tolking. Skilnaden er at ved utvidande tolking er rettsbrukaren trass alt innanfor ramma av ordlyden. Det er han eller ho ikkje ved analogisk tolking.

    Du tolkar til dømes analogisk dersom regelen «hund forbode» også skal gjelde for kattar, eller dersom reglar om dyremishandling også skal gjelde for barnemishandling. I RT-1997-1341 Hønsehaukdommen blei reglar som gjaldt viltangrep på «bufe», tolka analogisk for angrep på «fjørfe» (høner).

    Det skal særs gode grunnar til for å kunne tolke ei lovføresegn analogisk, særleg når vi snakkar om legalitetsprinsippet, jf. Grunnlova § 113. Omsynet til rettstryggleik og føreseieleg rettargang talar imot ei slik tolking, særleg dersom det dreier seg om ei straffeføresegn der ei analogisk tolking går i disfavør av den tiltalte. I Hønsehaukdommen gjekk tolkinga i favør av den tiltalte; han blei frikjend.

    Eit døme er å bruke reglar for ektefellar analogisk for sambuarar, til dømes slik at prinsippa frå Husmordommen (RT-1975-50) skal brukast analogisk for å kome til at ein sambuar har opparbeidd medeigedomsrett til ein bustad.

    Eit anna kjent døme finn vi i RT-2007-102 (Sandefjorddommen), som gjaldt reglane i friluftslova om rett til ferdsel for allmenta i strandsona. Eit viktig spørsmål i dommen var om teltregelen i friluftslova § 9 kunne få analogisk bruk på oppankring av fritidsbåt. Føresegna forbyr telting «i hvert fall ikke nærmere enn 150 meter» frå eit hus (hytte) der det bur folk, jf. friluftslova § 9 andre ledd tredje punktum. Dessutan er telting «ikke tillatt i mer enn 2 døgn om gangen uten eierens eller brukerens samtykke», jf. § 9 fjerde ledd. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for analogisk bruk for fritidsbåtar. Sjøgrunnen er ikkje eigd av nokon. Omgrepa innmark og utmark gjeld ikkje på sjøen. Teltregelen kan ikkje brukast på båtar.

  5. Kva meiner vi med antitetisk tolking?

    Antitetisk tolking tyder at lova blir tolka motsett av det som står i lovteksten. Om ei antitetisk tolking er rett, slik at ho skal bli rekna som gjeldande rett, er eit anna spørsmål. Det blir avgjort av andre rettskjeldefaktorar.

    Vi kan hente eit døme frå ekteskapslova § 3, som mellom anna seier at du ikkje kan gifte deg med ein slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller med søsken. Ei antitetisk tolking inneber at du kan gifte deg med andre slektningar, til dømes ein fetter eller ei kusine (søskenbarn).

    Eit anna døme kan vi hente frå verjemålslova §§ 8 og 9, som fastset at mindreårige (under 18 år) ikkje kan «foreta rettslige handlinger eller råde over sine midler, med mindre noe annet er særlig bestemt». Tolka antitetisk skulle dette tyde at personar som har fylt 18 år, sjølve kan gjere slike handlingar, utan atterhald om at noko anna er bestemt.

    Vi bør vere svært forsiktige med å tolke antitetisk. Alt som er forbode etter ein regel, er ikkje nødvendigvis tillate dersom vilkåra i regelen ikkje er oppfylte. Det kan finnast andre reglar som også gjev grunnlag for forbodet. Eit trafikkskilt kan til dømes setje forbod mot køyring over 80 km/t. Tolka antitetisk skulle det tyde at all køyring under denne grensa er tillate, men det er ikkje nødvendigvis rett. Køyring i lågare fart kan bli ramma av vegtrafikklova § 3, som påbyr at «enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade».

  6. Kva er ein rettskollisjon?

    Ein rettskollisjon ligg føre dersom to eller fleire rettsreglar tilsynelatande gjev ulike tolkingsresultat for same rettsspørsmål.

  7. Korleis kan vi løyse ulike typar rettskollisjonar?

    Du må først vurdere om problemet lèt seg løyse ved å harmonisere (samordne) reglane. Du kan til dømes tolke kvar av dei så innskrenka at dei ikkje lenger kolliderer. Dersom det ikkje er mogleg, har det oppstått ein rettskollisjon. Slike problem kan løysast etter ulike prinsipp.

    Trinnhøgdprinsippet (lex superior) vil seie at ei lov av høgare rang går framfor ei lov av lågare rang. Grunnlova går framfor ei formell lov, og ei formell lov går framfor forskrifter.

    Spesialregelprinsippet (lex specialis) vil seie at spesialreglar går framfor generelle reglar på same trinnhøgd.

    Tidsakseprinsippet (lex posterior) tyder at nye lover går framfor gamle lover.

    Ei kjend sak om motstrid finn vi i RT-2000-1811 (Finanger I). Saka dreidde seg om erstatning etter trafikkulykke for ein passasjer i bil der føraren var rusa av alkohol. Saka er ein plenumsdom frå Høgsterett og har derfor stor rettskjeldeverdi.

    Det blei konstatert motstrid mellom bilansvarslova § 7 tredje ledd og EØS-direktiv. Bilansvarslova § 7 tredje ledd bokstav b var den gongen slik:

    «Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han

    b) visste eller måtte vita at vognføraren var påverka av alkohol …

    Frå EØS-direktiva blei mellom anna denne regelen trekt fram:

    «skal forsikringen […] dekke ansvar for personskader som skyldes bruk av et kjøretøy, for alle passasjerer bortsett fra føreren.»

    Den norske lovteksten seier klart og tydeleg at den skadelidne (til dømes ein passasjer) ikkje får full erstatning dersom han eller ho forstod at føraren var påverka av alkohol. EØS-direktivet sa derimot at alle passasjerar skulle vere dekte av forsikringa (også dei som visste at føraren var påverka av alkohol). Det blei derfor konstatert motstrid mellom reglane.

    Motstriden blei løyst etter trinnhøgdprinsippet (utan at dette er nemnt i dommen). Norsk lov står over EØS-direktiva i rang. Passasjeren fekk ikkje full erstatning. Ei anna sak er at Noreg hadde forbrote seg mot EØS-direktivet og måtte derfor endre bilansvarslova § 7. I dag er det berre den ruspåverka føraren (ikkje passasjerane) som ikkje får full erstatning.

    Eit anna døme kan hentast frå forholdet mellom blasfemi og ytringsfridom. Den no oppheva straffelova av 1902 § 142 hadde denne gjerningsskildringa: «dersom noen i ord eller handling offentlig forhåner eller på en krenkende eller sårende måte viser ringeakt for en trosbekjennelse som er tillatt i Norge». Den norske forfattaren Arnulf Øverland heldt eit føredrag i 1933 med tittelen «Kristendommen – den 10. landeplage». Han blei tiltalt for blasfemi, og forholdet blei vurdert mot Grunnlova § 100 om ytringsfridom. Reglane stod i motstrid til kvarandre. Grunnlova gjekk framfor (trinnhøgdprinsippet), og deretter blei blasfemiparagrafen sett på som «sovande».