Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Arveretten til barn i rettshistorisk perspektiv – eksempeloppgåve

Dersom du skal presentere ein lovregel i eit historisk perspektiv, må du skaffe deg kunnskap om gamle reglar. Du treng å vite ein del om rettstilstanden før og no for å vise kva som er ført vidare, og kva som er endra. Sei gjerne noko om endra samfunnsforhold som kan grunngje rettsutviklinga.


Problemstilling og rettsgrunnlag

Vi skal utforske arveretten til barn i rettshistorisk perspektiv, og formulerer problemstillinga slik:

Korleis har rett til arv for barn på grunnlag av slektskap utvikla seg frå 1200-tallet og fram til arvelova av 2019?

Denne oppgåva tek ikkje føre seg spørsmål om deling av arv mellom barn og attlevande ektefelle, eventuelt sambuar, eller arverett til barn på grunnlag av testament.

Slektsarven til barn etter ein avdød far eller ei avdød mor går fram av arvelova av 2019 § 4. Føresegna er eit resultat av ei lang historisk utvikling.

Arvelova § 4 Første arvegangsklasse

De nærmeste slektsarvingene er arvelaterens livsarvinger.

Arven deles likt mellom arvelaterens barn, om ikke noe annet følger av særskilte lovregler. Hvis et barn er død, går dette barnets del av arven til barnets livsarvinger med lik andel på hver gren. På samme måte arver fjernere livsarvinger. Hvis et barn er død og ikke etterlater seg livsarvinger, går dette barnets del av arven til de andre barna eller deres livsarvinger med lik andel på hver gren.

Hvis arvelateren etterlater seg ektefelle eller samboer med arverett, gjelder reglene i kapittel 3 til 6.

For livsarvingenes rett til arv når arvelateren har opprettet testament, gjelder reglene i §§nbsp;50 til 56.

Livsarvingar er dei som stammar frå arvelataren i rett nedstigande linje, utan ei nedre grense. Dei utgjer barn, barnebarn, barn av barnebarn osv., og blir kalla første arvegangsklasse.

Dersom eit barn har døydd før arvelataren, går arven vidare til livsarvingane til barnet. Dette er representasjonsretten, til dømes at livsarvingane til ein avdød far eller ei avdød mor har rett til å representere sin avdøde forelder i arveoppgjeret etter bestefar eller bestemor. Dei deler den arven som faren eller mora deira ville fått dersom dei hadde vore i live.

Alle avkom etter avdøde er livsarvingar. Dei treng verken vere døypte eller ha eit bestemt kjønn, og det spelar inga rolle om dei er fødde i eller utanfor ekteskap. Det går også indirekte fram at livsarvingane arvar heile slektsarven. Foreldra til avdøde får ingenting dersom avdøde hadde livsarvingar.

Slik har det ikkje alltid vore. Historisk sett har det blitt diskriminert på grunnlag av kjønn og ektefødsel, og representasjonsretten kom seint inn i regelverket. Vi skal no sjå nærare på historia til regelen.

Historisk utvikling

Agnatisk arverett

Arverett for barn i Europa, medrekna Noreg, var opphavleg agnatisk. Det vil seie at berre mann arva mann. Døtrer arva berre når det ikkje fanst søner, men på eit eller anna tidspunkt blei dette endra slik at kvinner kunne arve saman med menn.

barns_arverett.pngAgnatisk arverett – frå mann til mann. Kvinner arva først når det ikkje fanst menn. Arveretten til den norske krona har fram til 1990 vore ein siste rest av agnatisk arverett i Noreg. Det følgjer av Grunnlova § 6 første ledd at berre barn av konge eller dronning som er fødd i lovleg ekteskap, kan arve krona, og at eldre barn går framfor yngre. Denne kjønnsnøytrale formuleringa kom inn i Grunnlova i 1990. Ordlyden tilseier at det eldste barnet til kong Harald, prinsesse Märtha Louise (fødd 1971), skulle arve krona framfor sin yngre bror, kronprins Haakon Magnus (fødd 1973). Grunnlova fekk derimot ei overgangsordning i § 6 femte ledd som seier at mann går framfor kvinne for dei som er fødde tidlegare enn 1990. Kronprins Haakon arvar derfor krona fordi han er mann. Det eldste barnet hans, prinsesse Ingrid Alexandra (fødd 2004) er den første kvinna som etter grunnlovsendringa av 1990 kan bli norsk monark. Foto: Det kongelige hoff Jørgen Gomnæs / NTB

Arvereglar i Magnus Lagabøtes landslov av 1274

Barn med og utan arverett

På Magnus Lagabøte si tid hadde ikkje nødvendigvis alle ungane til arvelataren arverett. Her er eit utdrag frå Magnus Lagabøtes landslov (ML):

ML – Arvetalbolken, kapittel 7 artikkel 1

Det er den første arv, at egtefødte barn tar arv efter sin far og sin egtegifte mor efter Guds og menneskers lov, …

Førsteretten til arv gjaldt berre ektefødde barn, altså fellesbarna i eit lovleg ekteskap. Barn som var fødde utanfor ekteskap, hadde ikkje arverett. Lova gav likevel faren høve til å ta eit uekte barn til seg som ekte. Dette blei kalla «ættleiing». Faren måtte erklære at barnet var hans. Han kunne på denne måten adoptere eigne barn.

Ufødde barn kunne få arverett, men dei måtte vere levandefødde og døypte:

ML – arvebolken, kapittel 7 artikkel 5

Og barn tar arv efter sin far og andre, om det er avlet, men ikke født, om det kommer levende til verden («i lyset») og blir døpt.

Barn som allereie levde då arvelataren døydde, måtte også vere døypte for å få arverett. Dette var så sjølvsagt at det ikkje var nødvendig å skrive inn i lova. Samanliknar du denne føresegna med arvelova av 2019 § 66 andre ledd, ser du at føresegnene nesten er heilt like.

Brorpart og søsterpart

Magnus Lagabøtes landslov fastsette at ei dotter kunne arve saman med bror sin, men berre halvparten av arven til broren. To døtrer arva likt med éin son:

ML, arvetalbolken, kapittel 7 artikkel 2

Men saaledes skal gods skiftes efter far eller mor, at to døtre skal ta likt med én søn, og slik lod skal sønnesøn ta av arven som datter, om han er til. Nu er der én søn og én datter, da tar hun en tredjedel, men han to tredjedeler.

Her ser vi prinsippet om brorpart og søsterpart. Brør arva dobbelt så mykje som søstrene sine. Var det éin son og éi dotter som skulle arve, fekk broren ⅔ og dottera ⅓. Hadde det vore to brør og éi søster, ville kvar av brørne arva ⅖ og søstera ⅕. Sett med våre auge er dette kjønnsdiskriminering, men det var trass alt ei forbetring for kvinnene samanlikna med ei agnatisk ordning.

Soneson som ei dotter

Prinsippet kjem også til syne ved at ein sonesønn skal arve like stor del som ei søster. Vi kan ta eit døme. Dersom ein far døydde og etterlét seg ein son og ein soneson, arva sonen ⅔ og sonesonen ⅓ (som ei dotter).

Landslova har 13 kategoriar med arvingar. Systemet er uoversiktleg, men prinsippa skulle vere rimeleg klare. Menn arva dobbelt så mykje som kvinner. Verken uekte eller udøypte barn hadde arverett.

Far til avdøde

I Gulatingslova hadde sonen og faren til arvelataren førsteretten til arv. Magnus Lagabøte endra dette i landslova og flytta faren ned i prioritetsrekkjefølgja. Son, soneson og datter arva alt, dersom dei var i live. Nedprioriteringa av far til avdøde kan forklarast på fleire måtar.

For det første bygde arveretten etter Gulatingslova på eit prinsipp om avstanden i talet på fødslar til arvelataren (arvetalet). Barn var berre ein fødsel unna. Det same var far og mor. Soneson og bestefar var to fødslar unna. Etter kvart som individ og kjernefamilie blei viktigare enn ætta, meinte ein at all arv burde gå til ungane, ikkje til foreldra.

For det andre såg gjerne ei sterkare kongemakt at ættene blei mindre mektige. Sterke ætter var ei utfordring for kongemakta. Meir makt til individ og kjernefamilie var i kongen si interesse.

For det tredje kan endringa også kome av påverknad frå romersk rett. Å seie at ungane arvar alt, liknar meir på prinsippet i romarretten om at næraste livsarvingar i live arvar alt.

Kongen hadde sett Audun Hugleiksson til å leie arbeidet med å utarbeide landslova, og han hadde studert romersk rett i Bologna. Reglane i landslova om arv liknar no meir på det romerske systemet med arvegangsklassar og representasjonsrett enn det Gulatingslova gjorde.

Cristian Vs Norske Lov av 1687

Magnus Lagabøtes landslov var norsk rett i Noreg i over 400 år. Christian Vs Norske Lov (NL) tok over som lov for rikets i 1687, men arvereglane var langt på veg dei same som på Magnus Lagabøte si tid. Berre døypte barn fødde i ekteskap hadde arverett etter far og mor. Dette kan utleiast av NL-5-2-30. Uekte barn hadde berre arverett etter mor (NL-5-2-71). Barn som var fødde utanfor ekteskap, hadde i utgangspunktet ikkje arverett etter faren, men han kunne tinglyse at han tok eit slikt barn til seg (ættleiing). Det vil i praksis seie at faren adopterte sitt eige barn. På denne måten fekk det uekte barnet arverett etter faren, men ikkje i like stor grad som ektefødde barn.

«Horebarn» var derimot ein eigen kategori. Det var barn som blei fødde under utruskap frå ein av ektefellane. Dei fekk ikkje arverett etter far sin (NL-5-2-72).

Bror og søster

Reglane om brorpart og søsterpart blei førte vidare, jf. NL-5-2-29:

NL-5-2-29

Mands Person tager to Loder imod en Qvindis Person tager een, i alle Arve.

Representasjonsretten

NL-5-2-34

Barnebarn, som fødis af Søn, eller Daatter, tager Arv efter Fadrfader, Fadrmoder, Modrfader og Modrmoder, ligesom dets Fader, eller Moder, skulle taget, dersom de hafde levet. Iligemaade tager dets Barn, mens noget findis, Arv efter Oldefader og Oldemoder.

Eit barnebarn arva etter besteforeldra det far eller mor skulle hatt dersom dei hadde vore i live. Barn av barnebarn arva etter oldeforeldra sine på tilsvarande måte. Dette viser at representasjonsretten var innført i norsk arverett. Det gamle germanske systemet med arvetal (talet på fødslar frå arvelataren) er forlate til fordel for det romarrettslege systemet med representasjonsrett. Regelen blei i realiteten innført av danskekongen Christian IV, som i 1604 endra Magnus Lagabøtes landslov. Christian Vs Norske Lov var berre ei vidareføring. Innføring av representasjonsrett endra ikkje reglane om brorpart og søsterpart.

Arvegangsklassar

Denne regelen viser at eit system med arvegangsklassar (parantelar) var innført, i samsvar med romersk rett.

NL-5-2-35

Ere ej Børn, ej Børnebørn, og fremdelis ned ad, da arver Fader allene.

Dersom det ikkje fanst barn, barnebarn osv. (inga grense nedover), gjekk arven til far, altså til neste arvegangsklasse. Dersom heller ikkje faren levde, gjekk arven til mor. Dersom heller ikkje mor levde, gjekk arven til brør og søsken. Menn hadde prioritet framfor kvinner, men prinsippet om at andre arvegangsklasse arva når det ikkje var nokon i første arvegangsklasse, er tydeleg.

Arvelova av 1874

Arvereglane i NL stod seg fram til ny arvelov av 1854. Då blei kjønnsdiskrimineringa i arveretten oppheva, men det var ikkje sjølvsagt. Lik arverett for kvinner og menn var eit så radikalt forslag at kong Oscar II først nekta å signere lova. Bakgrunnen for motstanden mot arverettsleg likestilling var visstnok at arven til ei dotter som var gift, i realiteten gjekk til svigersonen. Kvinner kunne ikkje rå over eigne midlar i ekteskapet. Dersom dei arva, ville ektemannen kunne stelle med arven som om han var hans eigen. Ugifte døtrer blei rekna som lite skikka til å stelle med økonomi, og derfor hadde søner blitt prioriterte.

Vi må sjå dette opprøret mot arverettsleg kvinnediskriminering i lys av dei endra samfunnsforholda. Landet var i endring, frå jordbruk til industri og handel. Det gav energi til kampen for kvinnerettar.

Vilkåret om dåp blei fjerna. Det kan grunngjevast naturrettsleg at arvebiologi og ikkje religion skulle avgjere kven som kunne arve.

Dei Castbergske barnelovene i 1915

Arvelova av 1874 gav ikkje arverett til uekte barn før lova blei endra i 1915. Då blei rettane til barn vesentleg forbetra med ei lovreform som førte til endringar i fleire lover. Reforma fekk namnet «De Castbergske barnelover», etter politikaren og juristen Johan Castberg. Først no fekk barn utanfor ekteskap full arverett etter faren på lik linje med dei andre ungane.

Arvelova av 1972

Arvelova av 1972 § 1 slo fast at dei næraste slektsarvingane til arvelataren var livsarvingane hans eller hennar, og at ungane arva likt. Borte var ord som dåp, ektefødd og anna som minte om diskrimineringa frå fortida. Spørsmål om arv blei berre avhengig av morskap og farskap slik dette er definert i barnelova.

Ny arvelov av 2019

Den nye arvelova av 2019 § 4 fører vidare reglane frå 1972 § 1 nesten ordrettt.

Kjelder

  • Magnus Lagabøtes landslov, Heimskringla – en online samling av nordiske
  • Kong Christian Vs Norske Lov, 1687, Institutt for arkeologi, UiO
  • Uddrag af Den ældre Gulatingslov, Heimskringla – en online samling av nordiske kildetekster
  • Arvelovskomiteens innstilling av 1962 side 3–17
  • Lødrup, Peter: Arverett, Eget forlag, 3. utgave, side 28–39
  • Robberstad, Knut (1976): Rettssoga I, Universitetsforlaget, 3. utgave, ISBN 9788200015513
  • Arnholm, Carl Jacob (1971): Privatrett V – Arverett, Tanums Forlag, side 21–31

Tips til nettsøk:

  • Tunesteinen
  • Agnatisk arverekkjefølgje
  • Gulating
  • Allting
  • Lagting
  • Arvelova av 1854
  • Dei Castbergske barnelovene

Last ned PDF-filen