Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Analyse av FKU-18-676 Ny bil

Analyse av lovbruken og rettskjeldebruken

Forbrukarklageutvalet sak nummer 18/676

Vedtak gjort 17.09.2018

Saka gjeld kjøp av ny bil

Disposisjon av vedtak og grunngjeving frå Forbrukarklageutvalet

FKU disponerer avgjerdene sine slik:

  1. samandrag av faktiske forhold og det partane har gjort gjeldande
  2. gangen i saka påstand
  3. utvalet ser slik på saka
  4. konklusjon

Faktum

Etter overskrift og praktiske opplysningar som identifiserer saka, startar utvalet med ei skildring av dei faktiske forholda i saka og synspunkta til partane. Det er viktig for partane å kjenne til kva for eit faktum utvalet har lagt til grunn for avgjerda si, til dømes når dei skal vurdere om dei skal anke saka inn for domstolane.

Klagaren inngjekk 26.1.2017 avtale med den innklaga om kjøp av ein ny Tesla Model X 100D av den innklaga for kr 1 086 600. Bilen blei levert 8.6.2017. Ved levering blei bilen gått gjennom av partane i fellesskap, og klagaren peika på fleire feil. Han blei beden om å ta bilen med til Tesla Norge på Skøyen for ein gjennomgang og registrering av feil, og for å lage ein plan for kva som kunne gjerast. Ei rekkje feil blei oppdaga. Nokre av dei viktigaste var fargeforskjell i lakk og feil ved vengjedørene.

Det blei avtalt at seljaren skulle gjennomføre omlakkering, men etter lang tid til utbetring blei det konstatert av ein uavhengig takstmann at bilen tydeleg var omlakkert.

Vi legg merke til at Forbrukarklagenemnda brukar mykje plass på å skildre faktum. Det same gjer domstolane og andre nemnder som skal avgjere rettstvistar. Slik skildring av faktum skal ikkje gjerast av elevar eller studentar som løyser praktiske oppgåver. Dei skal rekne faktuma i oppgåva som gjevne utan å skildre dette i svaret. Det kan likevel skje at noko av faktuma i ei oppgåve krev ei presisering av kva som blir lagt til grunn.

Gangen i saka. Påstand

Utvalet gjer kort greie for gangen i saka og kva for påstandar som er sette fram.

Det blir opplyst at klaga først blei behandla av Forbrukarrådet, og at saka blei lagd bort som uforlikt. Deretter har klagaren teke saka inn for Forbrukarklageutvalet innanfor den fristen som gjeld.

Klagaren har lagt ned prinsipal påstand om at kjøpet skal hevast, og at den innklaga skal betale tilbake kr 1 080 000. Subsidiært har han lagt ned påstand om eit prisavslag stort kr 200 000. I begge tilfella krevst det renter.

Vi kan leggje merke til bruken av prinsipal og subsidiær påstand. Klagaren krev prinsipalt heving, subsidiært prisavslag. Når problemet er stilt slik og nemnda gjev medhald i det prinsipale kravet, finn ho det som regel unødvendig å drøfte det subsidiære spørsmålet. Dette er også tilfellet i denne saka.

Dette står i motsetnad til korleis elevar og studentar skal svare på praktiske oppgåver. Svar skal innehalde vurderingar av både prinsipale og subsidiære rettsspørsmål. Likevel skal drøftinga av subsidiære spørsmål avgrensast til dei som partane har reist, og som har noko føre seg. Krav og påstandar som openbert ikkje kan føre fram, skal avvisast kort eller ikkje nemnast i det heile teke.

Utvalet ser slik på saka

Lovbruk og bruken av rettskjelder går fram i det som blir skrive under denne overskrifta. Utvalet skriv i første setning:

«Saken gjelder et kjøp mellom en næringsdrivende og en forbruker, og forholdet reguleres derfor av forbrukerkjøpsloven 21. juni 2002 nr. 34 (fkjl.), jf. lovens § 1.»

FKU startar stort sett alle saker med spørsmålet om lovval. Her brukar utvalet forbrukarkjøpslova § 1 og konstaterer utan nærare drøfting at seljaren er næringsdrivande, og at kjøparen er forbrukar. Her er det ingen grunn til å fordjupe seg meir i omgrepa «næringsdrivende» og «forbruker». Spørsmålet er kurant og enkelt.

Det er lett å tenkje seg andre saker der slike spørsmål er meir tvilsame, til dømes dersom seljaren er gardbrukar, ein idrettsklubb som sel varer og tenester under eit idrettsstemne, osv. I slike tilfelle må lovvalet drøftast grundigare.

Utvalet skriv vidare i andre avsnitt:

«Det følger av fkjl. § 15 første ledd at tingen skal være i samsvar med de krav til art, mengde, kvalitet, andre egenskaper og innpakning som følger av avtalen. Videre fremgår det av fkjl. § 15 andre ledd bokstav b at tingen skal svare til det som forbrukeren har grunn til å forvente ved kjøp av en slik ting når det gjelder holdbarhet og andre egenskaper. I motsatt fall foreligger det en mangel, jf. fkjl. § 16 første ledd bokstav a.»

Her tek utvalet utgangspunktet i den lovteksten som skal avgjere spørsmålet om bilen har ein mangel. Dette er nærast ei standardformulering som utvalet hentar frå lovteksten i svært mange saker om forbrukarkjøp og mangel. Utvalet går detaljert til verks og peikar nøyaktig på kvar i §§ 15 og 16 den relevante teksten står.

Utvalet går vidare i avsnitt 3–5 og held faktuma i saka opp mot lovteksten. Her finst det takseringsrapportar, verkstadrapportar og anna som partane har lagt fram som bevis. Dette blir vurdert opp mot lovteksten. Vi les at utvalet har peika ut lakkproblema som kjernen i saka, og når dei kjem til at den omlakkeringa som blei gjord, ikkje var av same kvalitet som på ein fabrikklakkert ny bil, blir det konstatert at bilen hadde ein mangel. Den sentrale formuleringa i lova er kva «forbrukeren har grunn til å forvente» når han eller ho kjøper ny bil til ein million kroner.

Utvalet skriv i det femte avsnittet:

«Mangelen anses ikke rettet, og klageren er derfor ikke avskåret fra å kreve heving, jf. fkjl. § 32, jf. § 31 første ledd. Særlig sett hen til at det er tale om kjøp av en ny bil til over kr 1 000 000 finner utvalget at mangelen ikke er uvesentlig, og vilkåret for heving er derfor til stede, jf. fkjl. § 32.»

«Mangelen ansees ikke rettet» er ei indirekte tilvising til forbrukarkjøpslova § 29 tredje ledd. Forbrukaren kan ikkje heve kjøpet medan seljaren prøver å rette (reparere) bilen. Etter § 30 må retting skje utan vesentleg ulempe for forbrukaren og innan rimeleg tid. Utvalet har ikkje gått nærare inn på desse vilkåra. Utvalet har no gjort seg opp ei meining om at lakkproblema er ein tilstrekkeleg mangel for heving og går derfor ikkje nærare inn på dei andre påropte manglane eller spørsmålet om retting «innen rimelig tid». Alle rettingsforsøk er mislykka. Tida er inne for heving.

Utvalet går no over til å drøfte om tilleggsvilkåret i § 32 er oppfylt. Hovudregelen ved mangel er heving, «unntatt når mangel er uvesentlig». Det blir derfor peika på at mangelen ikkje må vere uvesentleg. Legg merke til korleis utvalet ser på ordlyden «unntatt når mangelen er uvesentlig». Dette blir ikkje omformulert til eit krav om at mangelen må vere vesentleg. Drøftingar skal forankrast lojalt til ordlyden. I dette spørsmålet trekkjer utvalet fram at mangelen skal vurderast i lys av at bilen er kjøpt og kostar over ein million kroner. Rettskjeldebruken er her reelle omsyn. Utvalet vurderer kva dette har å seie for forventningane til forbrukaren til det han kjøpte. Dette er «ratio decidendi» for vedtaket, altså argument som avgjer utfallet av saka. Kjøpet kan hevast.

Utvalet går deretter over til å drøfte hevingsoppgjeret. Dette er eit nytt rettsspørsmål som skal avgjerast på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 49 første og andre ledd. Det kvar av partane har fått, skal tilbakeførast.

Seljaren skal tilbakeføre kjøpesummen, kr 1 080 000. Forbrukaren skal tilbakeføre bilen.

Utvalet reiser no spørsmålet om kva det tyder at «det mottatte kan kreves tilbakeført». Kva skal til for at forbrukaren tilbakefører bilen? Utvalet peikar på at ordlyden § 49 ikkje løyser problemet. Dei hentar derfor argument frå førearbeida til lova (NOU 1993: 27 s. 149), der det kjem fram at: «Kjøperen må normalt kunne nøye seg med å stille gjenstanden til selgerens disposisjon på sin egen bopel. Han plikter således ikke å besørge og bekoste den sendt tilbake til selgeren».

Forbrukaren har også kravd rente i etter § 50. Rente kan grunngjevast med at seljaren kan ha hatt renteinntekt eller annan fordel av å disponere kjøpesummen i tida frå det blei reklamert. Utvalet held seg nøyaktig til ordlyden og tilkjenner forbrukaren rente frå den dagen han reklamerte, og fram til betaling finn stad. Rente skal reknast etter forseinkingsrentelova § 3.

Vedtak

Utvalet avsluttar med å presisere vedtaket. Dette er kort og inneheld inga drøfting. Seljaren blir forplikta til å betale tilbake kjøpesummen kr 1 080 000 med forseinkingsrente frå 8.6. 2017. (Styringsrente + 8 %). Forbrukaren pliktar å stille bilen til disposisjon på bustaden sin.


Last ned PDF-filen