Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 1.1–1.5

1.1

Spørsmålet er om Kongen har opptredd i strid med Grunnlova § 30 andre ledd, som lyder slik:

Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining med frimod. Kongen har plikt til å høyre meininga, men kan ta avgjerd etter eige omdømme.

Justisministeren har både rett og plikt til å seie si meining i statsrådet, og Kongen er forplikta til å høyre på. Det er grunnlovsstridig at Kongen personleg seier at han ikkje vil høyre meir på dette.

For det første skal «kongen» tolkast som «regjeringa». Det følgjer av konstitusjonell sedvanerett. Det er resten av kollegiet i regjeringa som er forplikta til å høyre på innlegget frå justisministeren. For det andre er det grunnlovsstridig at kongen personleg slår klubba i bordet og bestemmer at det ikkje skal gjerast endringar i innvandringspolitikken. Det er regjeringa og ikkje kongen som skal «ta avgjerd etter eige omdømme».

1.2

Spørsmålet er om lovendringa kan få tilbakeverkande kraft, jf. Grunnlova § 97.

Ronny kan berre straffast etter dei reglane som gjaldt på handlingstidspunktet. Lovendringar mellom handling og dom kan berre brukast til fordel for Ronny. Forbodet mot tilbakeverknad av nye lovreglar er ein sentral regel for rettstryggleiken.

Dommen frå lagmannsretten må opphevast. Påtalemakta må reise ny sak ved lagmannsretten

1.3

Det første spørsmålet er om handlinga til Lise er verna av ytringsfridommen.

Grunnlova § 100 vernar ytringsfridom. Det følgjer av føresegna andre ledd at «[a]lle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst». Spørsmålet er derfor om tomatkasting mot statsministeren er ei lovleg ytring som er verna av Grunnlova § 100.

Reint objektivt er tomatkasting mot ein offentleg person som er i teneste, ei rettsstridig handling og ikkje ei ytring. Slike handlingar kan vere straffbare etter straffelova §§ 155 og 156, og kan straffast med bot eller fengsel. Grensa mellom handling og ytring er ikkje alltid så skarp. Symbolske handlingar, som ikkje er eigna til å skade nokon, kan i enkelte tilfelle bli vurderte som ytringar, til dømes spytting som ikkje har sjanse til å treffe, snøballkasting, koran- eller bibelbrenning osv. Kasting av tomatar som treffer ein bil, er nokså sikkert over grensa for kva som kan vere ei ytring. Frå rettspraksis kjenner vi eit tilfelle av blautkakekasting. Fleire politikarar har blitt ramma av kakekasting (Sylvia Brustad, Kristin Halvorsen, Thorbjørn Jagland, Carl I. Hagen). Desse sakene fekk rettslege etterspel, og dei blei alle rekna som straffbare handlingar.

Eg konkluderer med at tomatkastinga til Lise ikkje er verna av ytringsfridommen. Ho kan bli tiltalt og straffa for handlinga.

Neste spørsmål gjeld tiltalen for terrorverksemd. Straffelova har eit eige kapittel om terrorhandlingar, jf. § 131 flg. Handlinga til Lise er ikkje i nærleiken av å bli ramma av desse føresegnene. Dessutan ligg dette temaet langt utanfor læreplanen.

Neste spørsmål går ut på om det har noko å seie at statsministeren ringde til dommaren som skulle behandle saka, og nærast truga henne til å dømme Lise til ei streng straff. Det kunne oppfattast som ein trussel om å miste jobben dersom dommen blei for mild.

Statsministeren opptredde i strid med Grunnlova § 95. Føresegna konstaterer at «[a]lle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol […]». Å gripe inn i sjølvstendet til domstolane på denne måten er grunnlovsstridig, og det er i strid med prinsippet om maktfordeling.

1.4

Spørsmålet er om vedtaket frå Stortinget skal reknast som eit mistillitsvedtak.

Det følgjer av Grunnlova § 15 at statsrådane har plikt til å levere inn avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til det samla statsrådet, og at Kongen er forplikta til å innvilge søknaden.

Spørsmålet blir kva som kan reknast som eit vedtak om mistillit. Det vanlege i slike saker er at Stortinget brukar ordet mistillit i formuleringa, til dømes slik: «Regjeringa har ikkje tillit i Stortinget.» Det blir likevel rekna for sikker statsrett at sterke formuleringar med kritikk også kan tolkast som mistillitsforslag. Dersom Stortinget samlar seg om ei så sterk formulering som «Stortinget ser med avsky på det regjeringa har gjort …», vil vedtaket truleg vere eit mistillitsforslag som pålegg regjeringa å gå av.

Mistillit blir vedteke med vanleg, alminneleg fleirtal. Regjeringa har derfor plikt til å søkje avskil.

1.5

  1. Spørsmålet er om ein kronprins kan straffast etter lov og dom som andre norske borgarar.

    Det følgjer av Grunnlova § 5 at «Kongen personleg kan ikkje lastast eller skuldast for noko». «Kongen personleg» skal tolkast innskrenkande. Føresegna gjeld berre for kongen personleg, ikkje for den næraste personlege krinsen hans. Kronprinsen er ikkje konge, og det hjelper ikkje at han vil kunne bli konge i framtida.

    Føresegna må likevel sjåast i lys av Grunnlova § 37, som fastset at «[d]ei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over dei». Kongen må derfor bestemme at domstolane kan dømme kronprinsen – om ikkje går han fri. Oppgåva tyder på at kongen har gjeve slikt samtykke, og då kan kronprinsen straffast.

  2. Spørsmålet er om kronprinsen også må tole inndraging av førarkortet. Grunnlova § 37 brukar formuleringa «svare for». Føresegna er ikkje berre avgrensa til straff, men også andre reaksjonar. Det krev samtykke frå kongen dersom kronprinsen skal bli fråteken førarkortet.