Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 26

  1. Kva meiner vi med maktfordelingsprinsippet?

    Maktfordelingsprinsippet er utleidd av ideen om ein samfunnskontrakt mellom staten og kvar enkelt borgar. Ideen blei først lagd fram av filosofen Jean-Jacques Rousseau i boka Samfunnskontrakten i 1762.

    Maktfordelingsprinsippet inneber at statsmakta blir delt mellom ei lovgjevande, ei utøvande og ei dømmande makt. Føremålet er å motverke at borgarane blir utsette for overgrep og maktmisbruk frå staten.

    Den lovgjevande makta skal leggjast til eit organ med folkevalde representantar, og den dømmande makta skal leggjast til uavhengige og upartiske domstolar. Den utøvande makta er innskrenka til å setje lovene ut i livet.

    Maktfordelingsprinsippet står i motsetnad til einevelde, altså ei statsform der all statsmakt blir lagd i hendene til statsleiaren (kongen, keisaren, presidenten e.l.).

  2. På kva måte kjem maktfordelingsprinsippet til uttrykk i Grunnlova?

    Reglar om statsmaktene er plasserte i kapittel og har fått eigne overskrifter, slik:

    • Kapittel B har reglar om den utøvande makta, kongen m.m.
    • Kapittel C har reglar om den lovgjevande makta (Stortinget).
    • Kapittel D har reglar om den dømmande makta.

    Maktfordelingsprinsippet kjem også til syne i enkeltføresegner. Grunnlova § 1 seier til dømes at regjeringsforma i Noreg er avgrensa og arveleg monarkisk. Ordet «avgrensa» står i motsetnad til eineveldig. Kongen i Noreg er tildelt makt basert på maktfordelingsprinsippet.

    Den avgrensa makta til kongen viser seg også i lovsaker. Det følgjer av Grunnlova §§ 77 og 78 at eit lovforslag må sanksjonerast (godkjennast) av kongen. Det skjer ved at han set signaturen sin (underskrifta si) på lova. Ordlyden tyder nærast på at kongen kan nekte å signere lova, men det kan han ikkje i lengda. Grunnlova § 79 har reglar om korleis ei lov kan bli gyldig utan underskrift frå kongen. Kongen har makt til å forseinke, men ikkje til å nekte. Stortinget bestemmer til slutt.

  3. Kvifor seier vi at parlamentarismen i Noreg blei innført i 1884?

    Ein konflikt i 1884 mellom Stortinget og kong Oscar II av Sverige og Norge enda med at kongen blei forplikta til å velje eit råd, leidd av ein statsminister, som hadde tillit i Stortinget. Parlamentarisme er derfor ei styreform som inneber at parlamentet (Stortinget) avgjer kven som skal leie den utøvande makta. Stortinget kan når som helst fjerne ei regjering ved å vedta at ho ikkje lenger har tillit i Stortinget.

  4. Korleis kjem parlamentarismen til uttrykk i Grunnlova?

    Lovteksten i Grunnlova § 12, «vel sjølv eit råd», gjev inntrykk av eineveldig og personleg kongemakt, men slik er det ikkje. Kongen står ikkje fritt til å velje personar til statsrådet sitt. Han er forplikta til å velje eit råd som har støtte (tillit) i Stortinget. Det følgjer mellom anna av at kongen er forplikta til å innvilge avskilssøknader frå statsrådar som ikkje har tillit i Stortinget, jf. Grunnlova § 15 andre ledd. Reglane i Grunnlova §§ 12 og 15 inneber at kongen må velje dei statsrådane som statsministeren føreslår.

  5. Kva meiner vi med legalitetsprinsippet?

    Legalitetsprinsippet tyder at statlege inngrep i private forhold må ha grunnlag i lov. Prinsippet blei skrive inn i Grunnlova i 2014. Tidlegare blei prinsippet rekna som konstitusjonell sedvanerett, det vil seie sedvanerett av same rang som Grunnlova sjølv.

  6. Korleis kjem legalitetsprinsippet til uttrykk i Grunnlova?

    Legalitetsprinsippet kjem generelt til uttrykk i Grunnlova § 113.

    Grunnloven § 113
    Styresmaktene må ha grunnlag i lov for å gripe inn overfor einskildmennesket.

    Inngrep kan vere av strafferettsleg og privatrettsleg art. På det strafferettslege området må lovkravet liggje føre på handlingstidspunktet. Det følgjer derfor av Grunnlova § 97 at inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.

    På det strafferettslege området er legalitetsprinsippet også uttrykt i Grunnlova § 96, som seier at «ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom».

  7. Kva for krav må vere oppfylte for at borgarane i eit samfunn har rettstryggleik?

    Rettstryggleik følgjer mellom anna av Grunnlova § 95.

    Grunnlova § 95 (utdrag)
    Alle har rett til å få saka si avgjord av en uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vere rettvis og offentleg. …

    Uavhengig
    Alle saker som blir reiste mot deg, skal avgjerast av ein uavhengig domstol. Dette kravet er eit utslag av maktfordelingsprinsippet.

    Upartisk
    Dommarane skal vere upartiske. Ingen av dommarane må vere inhabile – det vil seie å ha ei eller anna personleg interesse av utfallet i saka.

    Rimeleg tid
    Du har som borgar krav på å få saka di avgjord innan rimeleg tid.

    Rettferdig
    Rettargangen skal vere rettferdig. Retten til ein rettferdig rettargang følgjer også av Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6, som er gjord til norsk lov gjennom menneskerettslova av 1999.

    Rettferdig rettargang inneber mellom anna at du i straffesaker er å rekne som uskuldig til det motsette er bevist, og at du får tid og høve til å forsvare deg personleg eller med rettsleg bistand. Du skal få rett til å bli høyrd med argument og bevis som talar til din fordel. Dette blir kalla for det kontradiktoriske prinsippet.

    Det blir også rekna som ein viktig del av rettferdig rettargang at du får høve til å anke eller klage. I straffesaker blir det rekna som ein menneskerett å ha rett til å få saka si behandla minst to gonger. Dersom du blir dømd til to års fengsel i tingretten, kan du anke til lagmannsretten, og dersom du ikkje blir frikjend der, kan saka i nokre tilfelle ankast vidare til Høgsterett.

    Offentleg
    Rettargangen skal vere offentleg, slik at folket kan kontrollere korleis domstolane dømmer.

  8. Korleis kjem rettstryggleiken til uttrykk i Grunnlova?

    Rettstryggleiken kjem mellom anna til uttrykk i Grunnlova §§ 95, 96, 97, 98 og 113.

  9. Kva har rettsreglane å seie for samfunnet?

    Samfunnsforholda påverkar kva for lover som blir vedtekne, og lovene kan påverke samfunnsforholda. Noreg har dei kortaste og mest upresise lovene i verda, men skårar høgast i internasjonale målingar av føreseieleg rettargang og rettstryggleik.

    Kampen om knappe ressursar påverkar rettsreglane. Å forureine drikkevatnet kan vere eit meir alvorleg brotsverk i eit ørkensamfunn der vatn er ein avgrensa ressurs, enn det same brotsverket er i Noreg. Tjuveri av hest var eit alvorleg brotsverk på 1800-talet, då hesten spela ei mykje større rolle i samfunnet enn han gjer i dag. Dødsstraff for hestetjuvar var vanleg i «Det ville vesten», skal vi tru westernfilmane.

    Typiske døme på kva innverknad lovene har, er reglar som vernar mot diskriminering. Lovene påverkar kva haldningar folk har til kjønnsdiskriminering, etnisk diskriminering og diskriminering på grunnlag av seksuell orientering.

  10. Kva særpregar nordiske – og særleg norske – lover?

    Den nordiske lovgjevingsmodellen er spesiell. Norden har dei kortaste lovene i verda, og Noreg har dei kortaste i Norden. Korte og lettlesne lover med mange skjønnsmessige og vage ord og uttrykk kjenneteiknar den nordiske lovgjevingsmodellen, og særleg den norske. Filosofien bak er at korte og lettlesne lover blir lesne, respekterte og etterlevde av folket. I mange andre land er det langt meir nødvendig å kontakte advokat berre for å finne ut kva som eigentleg står i lovene.

    I nordisk lovgjevingstradisjon skriv ein ei kort lov med mange vage og upresise ord og uttrykk, som «rimeleg» eller «urimeleg», «forsvarleg», «det beste for barnet», «særleg behov», «gave som står i misforhold til boet», «mangel som ikke er uvesentlig» osv. Du skal ikkje leite lenge i lovsamlinga før du finn slike og tilsvarande ord og uttrykk.

    Dei vage og skjønnsmessige reglane i lovene blir presiserte over tid i møte med den verkelege verda. Korte, upresise lover står seg betre over tid enn lange og detaljerte lover. Ei god lov varer lenge, modnar over tid og skaper ein føreseieleg rettssituasjon og høg rettstryggleik. Borgarane blir vande til lova, forvaltninga blir trygg i utøvinga av mynde, og domstolane klarer opp eventuelle uklare situasjonar som oppstår. Vage ord og uttrykk i ei lov er i realiteten ei form for delegering av lovgjevingsmynde til domstolane og forvaltninga.

  11. Kvifor blir lover følgde og etterlevde, og kvifor blir nokre følgde i større grad enn andre?

    Folket etterlever ei lov av to grunnleggjande årsaker. Vi kan kalle dei autoritetsetterleving og behovsetterleving. Det er alltid eit spørsmål om begge delar, men som regel er det mogleg å seie at ei av årsakene er meir dominerande enn den andre.

    Nokre lover blir følgde fordi staten brukar makt og autoritet til å få ei lov til å fungere slik ho var tenkt. Lover som blir tvinga på befolkninga på denne måten, har som regel sanksjonsføresegner om erstatning og straff for lovbrot. Eit døme på ei slik lov kan vere vegtrafikklova med forskrifter, som trugar med bot eller fengsel for fartsoverskridingar, promillekøyring m.m. Eit anna døme kan vere føresegnene i straffelova om forbod mot kjøp av seksuelle tenester, den såkalla sexkjøpslova (straffelova § 316).

    Andre lover blir etterlevde fordi det er behov for dei. Forbrukarkjøpslova, kjøpslova og avtalelova er typiske døme. Det at folk har behov for føreseielege reglar ved kjøp og sal, er den dominerande årsaka til at folk flest etterlever desse lovene. Andre døme er ekteskapslova og arvelova. Ordninga i lova blir etterlevd av folk flest fordi dei har behov for klare og føreseielege reglar som hindrar konfliktar, og fordi reglane blir oppfatta som rimelege og rettferdige.