Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 19

  1. Kva kjenneteiknar ein rettsstat?

    Ein rettsstat er ein stat der innbyggjarane har rettstryggleik.

    Omgrepet rettstryggleik blir brukt på to måtar:

    Det kan vere nemninga på det vernet staten gjev rettane som den einskilde borgaren har. Det vil seie lovreglar som vernar eigedomsretten og andre rettar. Lovene er tilgjengelege for alle, og dei er lette å forstå, slik at alle skjønar kvar grensa går mellom det som er lov og ikkje lov, og kva ein risikerer ved lovbrot.

    Rettstryggleik blir òg brukt som nemning på det vernet borgarane har mot overgrep og vilkårleg maktbruk frå staten sjølv. Det er eit grunnleggjande krav i ein rettsstat at borgarane kan få saka si prøvd for uavhengige domstolar, også når staten sjølv er motpart. Lova skal gjelde likt for alle, utan usakleg forskjellsbehandling.

  2. Kva er meint med maktfordelingsprinsippet?

    Maktfordeling i statsretten betyr at statsmakta i prinsippet blir delt slik:

    • den utøvande makta (Kongen, regjeringa eller liknande)
    • den lovgjevande makta (Stortinget, Riksdagen, parlamentet eller liknande)
    • den dømmande makta (domstolane)

    Maktfordelingsprinsippet er utleidd av ideen om ein samfunnskontrakt mellom staten og den einskilde borgaren. Ideen vart først lagd fram av filosofen Jean-Jacques Rousseau i boka Om samfunnskontrakten eller statsrettens grunnsetninger. Boka fekk mykje å seie for den franske revolusjonen i 1789, elleve år etter Rousseau var død, og seinare for utforminga av Grunnlova i Noreg i 1814. Rousseau meinte at borgarane i ein stat inngår ein langsiktig kontrakt med staten der dei gjev frå seg fridom og tek på seg plikter. Til gjengjeld skal staten gje borgarane vern i form av tryggleik og rettar.

  3. Kva er meint med legalitetsprinsippet?

    Legalitetsprinsippet vil seie at inngrep frå staten i private forhold må ha grunnlag i lov. Prinsippet vart skrive inn i Grunnlova i 2014. Tidlegare vart prinsippet rekna som konstitusjonell sedvanerett, det vil seie sedvanerett av same rang som Grunnlova sjølv.

    Grunnlova § 113.
    Inngrep frå styresmaktene overfor den enkelte må ha grunnlag i lov.

    Legalitetsprinsippet er grunnleggjande i ein rettsstat. Det vernar deg som borgar mot statleg maktmisbruk. Du kan verken fengslast, bli fråteken eigedomsrett eller andre rettar utan at dette er fastsett ved lov. Prinsippet gjeld både i strafferetten og forvaltningsretten.

  4. Kva prinsipp kan brukast for å ta stilling til om ei lov er rettferdig?

    Spørsmålet om ei lov er rettferdig, er ofte ikkje lett å svare på. Svaret avheng i stor grad av auga som ser.

    Spørsmålet blir ikkje berre stilt av juristar, men òg av andre samfunnsvitarar med interesse for sosiologi (lære om sosial åtferd og fellesskap), filosofi og historie. Spørsmålet om rettferdige lover er nær knytt til korleis makt er fordelt i samfunnet. Samfunnet har fleire interessegrupper med makt til å påverke kva lover som skal vedtakast, og kva slags innhald dei bør ha.

    Filosofen Aristoteles utvikla ein teori om at rettferd er knytt til likskap og fordeling. Dette gav oss omgrep som likevektsrettferd og fordelingsrettferd.

    Teorien om likevektsrettferd har gjeve oss reglar om at plikter og rettar skal vere i balanse. Avvik frå likevekt skal gjenopprettast. Likevektsrettferd har i lang tid prega strafferetten. Bibellæra om auge for auge og tann for tann er eit utslag av likevektprinsippet. Likevektsrettferd er særleg tydeleg i erstatningsretten. Hovudregelen er at ein aktlaus skadevaldar skal gjenopprette likevekta ved å erstatte verdien av den skaden han eller ho gjorde.

    Fordelingsrettferd betyr å fordele byrder og gode likt. Like tilfelle skal behandlast likt. Straff bør utmålast likt for same forhold, og gode skal fordelast etter eit likskapsprinsipp.