Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 118

  1. Kva meiner vi med kroppskrenking?

    Kroppskrenking er ei handling som krenkjer integriteten til kroppen utan å skade han vesentleg. Du kan bli straffa for kroppskrenking dersom du slår, sparkar, skallar, klyp, luggar, tek strupetak, dyttar eller ristar.

    Kroppskrenking er straffbart etter straffelova § 271. Kroppskrenking føreset som hovudregel at gjerningspersonen øver vald. Høgsterett har ein gong sagt (RT-1922-73) at vald er «en hvilken som helst kraftanvendelse, stor eller liten, mot en person, for å overvinne en hindring […]». Det skal derfor lite til for å bli straffa for kroppskrenking.

    Kroppskrenking kan òg bli utført på annan måte enn vald, men det må vere ei fysisk krenking, til dømes spytting i ansiktet. Spytt som treffer kleda, kan gje straff for skadeverk. Det er òg kroppskrenking å skvette vatn eller søle eller helle eit krus med øl i hovudet på nokon.

  2. Kva meiner vi med kroppsskade?

    Kroppsskade er meir alvorleg enn kroppskrenking, men grensa er ikkje alltid lett å trekkje. Føresegna om kroppsskade står i § 273.

    Grensa mellom kroppskrenking og kroppsskade følgjer ikkje ein bestemt formel. Ho må avgjerast etter skjøn, etter korleis skaden artar seg, og kor varig og omfattande han er. Risp, blåmerke og sår som forsvinn etter nokså kort tid, blir rekna som kroppskrenking. Det er ikkje nok at det renn blod. Ein kroppsskade må vere meir varig, til dømes ein avkutta finger.

    Kroppsskade er òg å gjere ein annan fysisk makteslaus eller medvitslaus. Eit typisk døme er å slå ein person i svime, utan å skade sjølve kroppen, eller ta strupetak til offeret svimar av. Eit anna døme er å lure nokon til å ta narkotika.

  3. Kva meiner vi med drap?

    Gjerningsskildringa for drap er enkel. Den som drep ein annan, kan straffast for drap, jf. straffelova § 275.

    «Å drepe» omfattar alle aktive handlingar som fører til at nokon døyr, til dømes ved å slå, stikke, skyte, forgifte eller liknande. «Å drepe» kan òg omfatte unnlating, det vil seie passivitet. Den som har omsorga for ein sjuk og hjelpelaus person, kan bli dømd for drap dersom vedkomande lèt personen liggje hjelpelaus og døy.

  4. Kva for straffridomsgrunnar er mest aktuelle for valdslovbrot?

    Valdslovbrot kan bli straffrie etter dei generelle reglane om naudrett og naudverje, jf. straffelova §§ 17 og 18, og samtykke etter § 276. I tillegg gjeld spesielle straffridomsgrunnar for kroppskrenking, jf. § 271 første ledd. Naudverje peikar seg ut som mest aktuelt.

    Det følgjer av § 271 andre ledd bokstav a at ei kroppskrenking «kan gjøres» straffri dersom ho vart gjengjeld med kroppskrenking eller kroppsskade. Dette blir kalla retorsjon. Gjerningspersonen fekk nok straff i form av gjengjelding.

    Det følgjer vidare av § 271 andre ledd bokstav b at kroppskrenking kan gjerast straffri dersom ho gjengjeld ei føregåande kroppskrenking, kroppsskade eller særleg provoserande ytring. Dette blir kalla gjengjelding.

    Samtykke kan gjere kroppskrenking og kroppsskade straffri. Straffridomen stoppar ved grov kroppsskade etter § 274 første ledd. Samtykke til betydeleg skade gjer ikkje kroppsskade straffri, jf. 276 andre ledd. Kva som er betydeleg skade, er definert i § 11. Det kan gjevast straffriande samtykke til å hogge av ein veslefinger, men ikkje ein tommel. Ein avhoggen tommel er rekna som betydeleg skade.

    Samtykkeregelen er omstridd. Mange meiner han går for langt i å gje straffridom.

  5. Kva betydning har kravet til forsett når det for same handling skal veljast mellom dom for kroppskrenking, kroppsskade og drap?

    Dom for drap (§ 275) føreset at forsettet dekkjer dødsfølgja. Dette er kalla dekningsprinsippet. Døden må vere forsettleg framkalla ved handlinga.

    Dersom forsettet ikkje kan strekkjast til å omfatte dødsfølgja, kan gjerningspersonen straffast for kroppsskade eller kroppskrenking med døden som ei uforsettleg følgje. Ein kroppsskade kan vere grov dersom gjerningspersonen handla aktlaust når det gjaldt dødsfølgja, jf. § 274, jf. § 24. Det vil seie at gjerningspersonen er å klandre for ikkje å ha forstått at døden kunne bli ei følgje av handlinga hans eller hennar. Dersom dødsfølgja verkar upårekneleg, slik at gjerningspersonen ikkje er å klandre, kan han berre straffast for vanleg kroppsskade, sjå § 273. Tilsvarande gjeld for kroppskrenking med døden til følgje.

    Den som tildeler ein person ein lett øyrefik som fører til at offeret snublar, slår hovudet i ein bordkant og døyr, kan berre straffast for øyrefiken, jf. § 271.