Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 47

  1. Kvifor må lovtekstar tolkast?

    Lovtekstar inneheld nesten alltid vage og generelle ord og uttrykk utan eit klart og eintydig meiningsinnhald. Lovene bruker til dømes ord som edrueleg, påliteleg, ueigna, aktlaus, rimeleg, vond tru osv. Slike og mange andre ord og uttrykk må tolkast i den samanhengen dei står.

    Også nokså presise ord eller uttrykk må av og til tolkast. Ein regel om at «klagefristen er tre veker» må kanskje presiserast med nøyaktig tidspunkt for når han gjeld frå, og når han går ut. Skal til dømes ei promillegrense på «0,2 promille» tolkast som 0,20 eller 0,29? Tolkinga vil avgjere om du skal frikjennast eller straffast for å ha ført bil med alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,21.

  2. Kva er meint med utvida tolking?

    Utvida tolking betyr å leggje meir i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for. Nokre døme på omgrep som i lovgjevinga ofte blir tolka utvida:

    • motorvogn (vegtrafikklova § 1)
    • dokument (offentleglova § 4)
    • arbeidstakar (skadeserstatningslova § 2-1 nummer 3)
    • dyr (naturmangfaldlova § 3 bokstav d)
    • samleie (straffelova § 292)

  3. Kva er meint med innskrenka tolking?

    Innskrenka tolking betyr å leggje mindre i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for. Nokre døme på ord og omgrep som blir tolka innskrenka:

    • seksuelt krenkjande åtferd (straffelova § 298)
    • bustad (ekteskapslova § 32 første ledd bokstav a)
    • separasjon (ekteskapslova § 20)
    • straff (straffelova § 29, jf. § 30)

  4. Kva er meint med analogisk tolking?

    Analogisk tolking er å gje lovteksten eit meningsinnhald utanfor ramma av ordlyden. Du tolkar til dømes analogisk dersom regelen «hund forbode» skal gjelde for kattar òg, eller dersom reglar om dyremishandling skal gjelde for barnemishandling òg. I RT-1997-1341 (Hønsehaukdommen) vart reglar som gjaldt viltangrep på «bufe», tolka analogisk for «fjørfe» (høner).

  5. Kva er meint med antitetisk tolking?

    Antitetisk tolking betyr at du tolkar lova motsett av det som står i lovteksten.

    Omgrepet ekteskap i ekteskapslova blir i dei fleste samanhengar tolka antitetisk for sambuarar.

  6. Kva omsyn må takast i vurderinga av om eit tolkingsresultat skal avvike frå ordlyden?

    Føremålet med lova er eit sentralt tolkningsmoment, til dømes når omsynet til trafikktryggleik taler for utvida tolking av motorvogn.

    Omsynet til rettstryggleik taler ofte for innskrenka tolking av straffebod.

  7. Kva er ein rettskollisjon?

    Når to eller fleire rettsreglar ser ut til å gje ulike tolkingsresultat for det same rettsspørsmålet, må du først vurdere om problemet lèt seg løyse ved å harmonisere (samordne) reglane. Du kan til dømes tolke kvar av dei så innskrenka at dei ikkje lenger kolliderer. Dersom det ikkje er mogleg, har det oppstått ein rettskollisjon.

  8. Korleis kan vi løyse ulike typar rettskollisjonar?

    Vi kan løyse ein rettskollisjon etter desse prinsippa:

    Trinnhøgdprinsippet (lex superior) vil seie at ei lov av høgare rang går framfor ei lov av lågare rang. Grunnlova går framfor ei formell lov, og ei formell lov går framfor forskrifter.

    Spesialregelprinsippet (lex specialis) vil seie at spesialreglar går framfor generelle reglar på same trinnhøgda.

    Tidsakseprinsippet (lex posterior) vil seie at nye lover går framfor gamle lover.