Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 246

I første utgåve av boka manglar spørsmål 5–14.

  1. Kva er føremålet med offentleglova?

    Føremål med lova er å skape openheit i offentleg sektor, for å styrkje informasjons- og ytringsfridom, demokratisk deltaking, rettstryggleik og tilliten til offentlege styresmakter, jf. § 1 i lova.

  2. Kva er hovudregelen om offentlegheit?

    Hovudregelen går fram av § 3. Alle kan krevje innsyn i saksdokument innanfor verkeområdet til lova.

  3. Kva er dei viktigaste unntaka frå hovudregelen om innsynsrett?

    Dei viktigaste unntaka går fram av kapittel 3 i lova. Det er unntak for opplysningar som er underlagde teieplikt (§ 13), og organinterne dokument (§ 14).

  4. Kva er forskjellig, og kva er likt mellom reglane om partsoffentlegheit etter forvaltningslova og reglane om innsynsrett etter offentleglova?

    Likskapen er at innsyn er hovudregelen. Unntak må grunngjevast med lov.

    Forskjellane ligg i unntaka. Ved partsoffentlegheit etter forvaltningslova § 18 er teieplikt ikkje til hinder for at opplysningane blir gjorde kjende for partane i saka, jf. forvaltningslova § 13 b første ledd nummer 1. Ved offentlegheit etter offentleglova er teiepliktige opplysningar heilt unnatekne innsyn, jf. offentleglova § 13.

    Ved partsoffentlegheit har partane innsynsrett i faktiske opplysningar i organinterne dokument (forvaltningslova § 13 c), medan ved alminneleg offentlegheit er organinterne dokument som hovudregel heilt unnatekne frå innsyn (offentleglova § 14).

  5. Kva krav stiller forvaltningslova til form, grunngjeving og underretning om einskildvedtak?

    Eit einskildvedtak skal vere skriftleg, jf. § 23. Det skal grunngjevast seinast samtidig med vedtaket, jf. §§ 24–25. I grunngjevinga skal forvaltningsorganet nemne både lovreglane og dei faktiske forholda som vedtaket byggjer på, sjå § 25. Det finst ein del unntak frå grunngjevingsplikta, blant anna treng eksamenskarakterar ikkje grunngjevast.

    Det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket, skal sørgje for at partane blir underretta om vedtaket så snart som mogleg, jf. § 27. Underretninga skal gje opplysningar om klagerett, klagefrist, klageinstans og den nærare framgangsmåten ved klage og om retten til å sjå dokumenta i saka. Underretninga skal i regelen vere skriftleg, jf. § 27 første ledd fjerde punktum. Sjølv om vedtaket skal vere skriftleg, kan underretninga vere munnleg dersom skriftleg underretning skaper særlege vanskar, eller dersom saka hastar.

  6. Kva er forskjellen på omgjering og klage?

    Eit forvaltningsorgan kan sjølv gjere om vedtaket sitt etter reglane i § 35. Dette kan skje etter at ein part har bede om det, eller på initiativ frå forvaltningsorganet. Klage er nemninga på eit krav om at saka skal overprøvast av det næraste overordna organet til forvaltningsorganet. Eit forvaltningsorgan som tek imot ein klage på eit einskildvedtak, vil som regel vurdere omgjering før klagen blir send vidare til behandling i klageorganet.

  7. Kven har klagerett på einskildvedtak?

    Klagerett etter § 28 har først og fremst den som er part i saka. Også andre med «rettslig klageinteresse» har klagerett. Dei som saka vedkjem i tilstrekkeleg grad, utan at dei er partar, kan ha rettsleg klageinteresse, til dømes ein nabo til ein person som søkjer kommunen om å få starte ein restaurant. Ein naturvernorganisasjon kan òg ha rettsleg klageinteresse i samband med at ei verksemd søkjer forureiningsstyresmaktene om utsleppsløyve.

  8. Kven behandlar klage på einskildvedtak?

    Klagen skal behandlast av næraste overordna forvaltingsorgan, jf. § 28. Det overordna organet kan opprette eigne klagenemnder for spesielle saker, til dømes når klagar på standpunktkarakterar blir behandla i ei nemnd oppretta av fylkeskommunen, eller når klagar på karakterar til sentralt gjeven skriftleg eksamen blir behandla i eigne klagenemnder som er oppretta av statsforvaltaren (som har ansvar for å avvikle slike eksamenar).

  9. Kva klagefrist gjeld for einskildvedtak?

    Klagefristen er tre veker frå underretning om vedtaket er motteken, jf. § 29.

  10. Kva kan vere klagegrunnlag når det blir klaga på eit einskildvedtak?

    Klagar bør grunngjevast. Det rettslege grunnlaget for klagen kan dreie seg om saksbehandlinga eller innhaldet i vedtaket. Feil saksbehandling kan vere klagegrunnlag ved brot på inhabilitetsreglane eller reglane om saksbehandling ved einskildvedtak. Feil kan vere manglande varsling etter § 16, mangelfullt utgreidd avgjerdsgrunnlag etter § 17 eller brot på innsynsrett etter §§ 18–19.

    Det kan òg klagast på innhaldet i vedtaket. Klageinstansen kan prøve alle sider av saka. Klageinstansen er derimot forsiktig med å overprøve faglege vurderingar som er gjorde av ekspertar i underinstansen.

  11. Kva har forvaltningslova § 41 å seie når det blir klaga på eit einskildvedtak?

    Ikkje alle saksbehandlingsfeil fører til at vedtaket er ugyldig. Det følgjer av forvaltningslova § 41 at eit einskildvedtak likevel er gyldig dersom «det er grunn til å regne med at feilen ikke kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold». Manglande varsling eller brot på utgreiingsplikta treng ikkje ha hatt noko å seie for utfallet i saka, og då vil vedtaket stå seg.

  12. Kva kan oppnåast med klage til Sivilombodet?

    Sivilombodet fører tilsyn med at forvaltninga ikkje gjer urett mot den einskilde borgaren, jf. sivilombodslova. Ombodet avsluttar ei klagesak med å seie meininga si, jf. § 12. Ombodet kan peike på feil eller forsømmingar som forvaltninga har gjort. Det rådet ombodet gjev, er ikkje bindande for forvaltninga. Likevel blir rådet følgt i dei fleste tilfelle.

  13. Kvifor vil domstolane vere svært tilbakehaldne med å overprøve dei faglege vurderingane i forvaltninga (skjønsutøving)?

    Domstolane kan ikkje utan vidare overprøve forvaltninga sitt skjøn (faglege vurderingar). Det ville vere i strid med maktfordelingsprinsippet dersom domstolane kunne overprøve innhaldet i forvaltninga sine avgjerder. Domstolane kan derimot kontrollere om forvaltninga har følgt dei lovene og reglane som gjeld.

    Domstolane kan kontrollere om lovkravet i Grunnlova § 113 er oppfylt når forvaltninga tek avgjerder som grip inn i folk sine liv. Domstolane kan òg kontrollere om reglane i forvaltningslova om saksbehandling er følgde. Manglande varsling (§ 16), manglande utgreiing (§ 17) og nekta innsyn i dokument i saka (§ 18) kan føre til at vedtak blir kjende ugyldige.

    Domstolane kan òg kontrollere om forvaltninga har følgt ulovfeste reglar om myndigheitsmisbruk, det vil seie at forvaltningsorganet har lagt vekt på utanforliggjande omsyn, drive usakleg forskjellsbehandling, eller at vedtaket rett og slett verkar sterkt urimeleg.

  14. Kva skjer med ei avgjerd som domstolane har erklært ugyldig på grunn av feil i saksbehandlinga?

    Vedtak som domstolane kjenner ugyldige, må eventuelt avgjerast på nytt i forvaltninga. Domstolane bestemmer ikkje nytt innhald. Den nye behandlinga vil då skje med korrekt saksbehandling, til dømes med ein habil tenestemann og med eit tilstrekkeleg utgreidd avgjerdsgrunnlag. Dette treng ikkje endre utfallet i saka.