Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 193

  1. Kva meiner vi med ulovfest objektivt ansvar?

    Sjølv om skuldregelen er utgangspunkt og hovudregel i norsk erstatningsrett, oppstår det skadetilfelle der det er rimeleg å plassere ansvaret hos skadevaldaren, sjølv om han ikkje er å klandre for aktløyse. Når slikt ansvar ikkje går fram av skriven lov, blir dette kalla «det ulovfestede objektive ansvaret».

  2. Kva moment må vurderast når ein avgjer om ei verksemd har ulovfest objektivt ansvar for bestemte skadar?

    Rettspraksis stiller to vilkår for objektivt ansvar: Faren må vere ekstraordinært stor, og han må vere stadig.

    Farleg verksemd betyr ekstraordinær stor fare, det vil seie vesentleg større enn alminneleg risiko i dagleglivet. Døme på slike verksemder kan vere byggjeplassar, kommunale vassleidningar, høgspentleidningar, sprengstoffabrikkar og bygardar med fare for takras.

    Stadig fare betyr at den forhøgja faren for skade er der regelmessig, heile tida.

  3. Kvifor fekk kommunen objektivt erstatningsansvar i Vassleidningsdommen, RT-1905-715?

    Ei hovudvassleidning sprang plutseleg lekk, og vatnet strøyma ned i kjellarar og gjorde skade. Den gamle hovudvassleidninga utgjorde ein stadig risiko for lekkasje. Skaden ville skje før eller sidan, berre det gjekk lang nok tid, og vasskadar i kjellarar var typiske skadar. Dommen er rekna som å vere det første, reine prejudikatet for ulovfest objektivt ansvar.

  4. Kvifor fekk NSB erstatningsansvar i dommen RT-2006-690 Eksplosjonsfaren i Lillestrøm?

    Ingen var å klandre for ein togkollisjon som skapte stor eksplosjonsfare, slik at sentrum i Lillestrøm måtte evakuerast. Frakt av eksplosjonsfarleg gass (propan) var farleg verksemd, og då ulukka skjedde, vart evakuering nødvendig. Utgiftene dei evakuerte hadde til kost og losji, var typiske utgifter. Meir tvil var det om omsetningstapet til dei nærliggjande forretningane òg var typiske skadar, men Høgsterett slo fast at omsetningstap skulle erstattast.