Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 5.1.1–5.1.6, side 149

5.1.1

  1. Høgsteretts klassiske utsegn i RT-1992-64 P-pilledom II er at kravet til årsakssamanheng er oppfylt dersom skaden ikkje ville skjedd dersom handlinga er tenkt borte. Dersom kusken ikkje hadde sovna, ville reisefølget teke rett veg til høgre, og skaden ville ikkje ha skjedd. Kravet til årsakssamanheng er derfor oppfylt.
  2. Det er openbert at skaden i dette tilfellet ikkje var mogleg å føreseie som ei mogleg følgje av aktlaus føring av hestekjerre. Skaden er ei upårekneleg følgje av køyringa og kan derfor ikkje påføre kusken erstatningsansvar. Dette dømet er sjølve grunnlaget for teorien om kva som er pårekneleg.

5.1.2

Kravet til ansvarsgrunnlag blir rekna som oppfylt. Arbeidarane kan klandrast for aktlaus behandling av sement, og byggmeisteren kan klandrast for mangelfull sikring av arbeidsplassen mot publikum. Spørsmålet er om dei andre erstatningsvilkåra er oppfylte.

Det er ingen tvil om at kravet til årsakssamanheng er oppfylt. Dersom arbeidarane ikkje hadde mist bøtta med sement, ville skaden ikkje skjedd. Skaden ville heller ikkje skjedd dersom byggjeplassen hadde vore sikra mot fotgjengartrafikk. Problemet er om kravet til pårekneleg tilstand er oppfylt.

Det er pårekneleg at fotgjengarar kan få skadar på kleda sine som følgje av uforsiktig omgang med sement eller mangelfull sikring av anleggsområdet, men spørsmålet her blir om verdien på skaden er så høg at han verkar som upårekneleg sett frå skadevaldaren sin ståstad. Dommen om student Skridshoels hund taler for at tap utover normal verdi er pårekneleg. Spørsmålet var blant anna om studenten måtte betale full erstatning for ei knust spegelglasrute som var mykje dyrare enn ei vanleg glasrute. Student Skridshoel vart ikkje høyrt med argumentet sitt om at ansvaret berre skulle omfatte verdien av ei vanleg glasrute. Han vart dømd til å betale full erstatning.

Det er eit prinsipp i erstatningsretten at skadevaldaren må ta skadelidde som han eller ho er. Utgangspunktet er derfor at det faktiske tapet til skadelidde skal erstattast. Ein domstol som meiner at det er urimeleg å påleggje skadevaldaren fullt ansvar for det faktiske tapet i eit tilfelle som dette, kan i staden for å bruke vilkåret om pårekneleg tilstand gjere bruk av reglar om lemping eller eventuelt reglar om medverknad frå skadelidde. Dette blir ikkje drøfta her.

Eg konkluderer med at Berit har krav på full erstatning for kjolen, kr 100 000.

Berit har i tillegg kravd erstatning på kr 20 000 for bryderiet med å vere utan designarkjole i tre månader. Skadeserstatningslova § 4-1 gjev berre lovgrunnlag for å erstatte økonomisk tap. Det er ingen opplysningar i oppgåva som tilseier at ho har eit økonomisk tap i samband med dette. Leigeutgifter til kjole kunne i prinsippet vore eit økonomisk tap, men då måtte designarkjolen av ein eller annan grunn vore nødvendig for å hindre tap. Kravet gjeld eit ikkje-økonomisk tap som berre kan erstattast dersom vilkåra i § 3-5 hadde vore oppfylte. Det er dei openbert ikkje. Erstatningskravet på kr 20 000 skal derfor avvisast.

5.1.3

Læraren har løysingsforslag.

5.1.4

Ansvarsgrunnlag

Tvisten dreier seg om legen kan bli erstatningsansvarleg etter feilmedisinering av pasient. Ansvarsgrunnlaget er den ulovfeste skuldregelen (culparegelen). Sjukehuset kan òg bli ansvarleg på grunn av aktløysa frå legen, jf. skadeserstatningslova § 2-1. Vurderingstemaet er uansett det same: aktløysa frå legen.

Spørsmålet er om vilkåra for å konstatere aktløyse er oppfylte. Vi vurderer derfor handlinga i forhold til momenta som er vanlege i aktsemdvurderingar. Legen kan ha brote forskrifter om kontroll av medisinering. Alle sjukehus har strenge reglar for kontroll i samband med medisinering. Dessutan vil uskrivne reglar om slik kontroll sikkert vere brotne når ein lege utan nærare undersøkingar og sjølvstendige vurderingar legg til grunn ei eiga tolking av etiketten på medisinboksen. Sjølv om den språklege forståinga av 2 piller x 1 gjev rom for tolking, er det kritikkverdig av legen ikkje å spørje andre til råds. Han kunne til dømes spurt pasienten.

Skadeevna til feilmedisinering er stor fordi feil dosering kan føre til døden. Dette taler for skjerpa krav til aktsemda. Vi konstaterer at det ligg føre ansvarsgrunnlag i den ulovfeste skuldregelen.

Årsakssamanheng

Her er det ikkje tvil om årsakssamanhengen. Det er tydeleg at handlinga til legen (feildosering) førte til døden for pasienten, og at det derfor er ein direkte samanheng mellom handlinga og følgja av handlinga.

Påreknelegheit

Vilkåret for påreknelegheit er òg oppfylt i og med at det var ein nær samanheng mellom det å gje for mykje medisin og døden. Legen burde forstå og føresjå konsekvensen av feilmedisinering.

Økonomisk tap

Tap av forsørgjar for etterlatne er økonomisk tap som gjev erstatning slik at vilkåret i § 3-1 er oppfylt.

Konklusjon

Alle vilkår for erstatningsansvar er oppfylte. Konklusjonen er at legen kan få erstatningsansvar etter den ulovfeste skuldregelen. Det er nok mest praktisk for dei etterlatne å vise til arbeidsgjevaransvaret i § 2-1 som grunnlag for erstatningskravet. Eit personleg ansvar for legen vil lett kunne bli lempa etter § 5-2.

5.1.5

Læraren har løysingsforslag.

5.1.6

Læraren har løysingsforslag.