Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 303

  1. I kva grad kan ytringar i sosiale medium medføre straff eller erstatningsansvar?

    Typiske medium for ytringar er kommentarfelt i avisene, e-post, Facebook, Instagram og andre. Straffereglar og erstatningsreglar som gjeld generelt for ytringar, gjeld òg for ytringar som blir formidla med IKT.

    Utgangspunktet er ytringsfridom. Han er verna av Grunnlova § 100 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10. Det følgjer vidare av Grunnlova § 100 andre ledd at alle innskrenkingar i ytringsfridomen skal vurderast ut frå grunngjevinga for ytringsfridomen, og han er grunngjeven med omsynet til sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Dette vil i praksis seie at ytringar som yter eit visst bidrag til samfunnsdebatten, bør vere lovlege.

    Straffelova § 185 er eit mykje brukt lovgrunnlag for straff for ytringar. Det same er straffelova § 267 (vern om privatlivet) og §§ 267 a og 267 b (deling av krenkjande bilete). Erstatning kan dømmast med grunnlag i skadeerstatningslova §§ 3-3, 3-5, 3-6 og 3-6 a.

    Ytringar som utelukkande er angrep på personar eller persongrupper, utan å vere eit bidrag til samfunnsdebatten, kan føre til erstatnings- eller straffansvar. Ytringane kan arte seg som publisering av personopplysningar som ikkje er lovlege etter personvernforordninga eller andre reglar om personvern.

  2. I kva grad kan ein person som er avbilda på eit fotografi, nekte publisering?

    Publisering av fotografi av personar er behandling av personopplysningar som krev lovgrunnlag for å vere lovleg. Personvernforordninga gjeld med mindre anna er bestemt, jf. personopplysningslova § 2 første ledd andre punktum. Åndsverklova § 104 er ei slik anna føresegn som gjeld publisering av bilete. Det følgjer av denne føresegna at «[f]otografi som avbilder en person, kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede, unntatt når

    1. avbildningen har aktuell og allmenn interesse
    2. avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet
    3. bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse»

    Det er mogleg å kome til det same resultatet ved å bruke personvernforordninga artikkel 6 nummer 1 bokstav f (interesseavveging). Vi kan seie at åndsverklova § 104 er ein «lex specialis» av personvernforordninga.

  3. I kva grad kan personar på ei teikning eller eit måleri nekte publisering?

    Reglane om retten til eige bilete gjeld ikkje analogt for måleri og teikningar. Det ville innebere for store hindringar for kunstnarisk verksemd. Dette er blant anna bakgrunnen for at avisene publiserer teikningar og ikkje bilete av personar når dei refererer frå rettssaker. Det er omsynet til ytringsfridomen som slår inn.

  4. I kva grad kan deling av bilete, film eller lydopptak medføre straff og erstatning?

    Brot på åndsverklova § 104 er straffbart, jf. åndsverklova § 79. Skuldkravet er forsett. Den som til dømes publiserer eit bilete utan samtykke frå den avbilda og forstår at samtykke var nødvendig, kan straffast.

    Deling av krenkjande bilete utan samtykke frå den fornærma har hittil vorte straffa som brot på straffelova § 266 om omsynslaus åtferd eller § 267 om krenking av privatlivets fred. Frå 1. juli 2021 har vi fått ei ny føresegn i straffelova om deling av krenkjande bilete. Denne føresegna, straffelova § 267 a, gjev no ein klar og tydeleg lovheimel for å straffe slik deling.

    Sjølv om vilkåra for straff ikkje er oppfylte, kan den som krenkjer ein annan ved å publisere bilete, få erstatningsansvar etter §§ 3-6 og 3-6 a. Dei vanlege vilkåra om aktløyse, årsakssamanheng, pårekneleg tilstand og økonomisk tap gjeld.

  5. I kva grad kan ein arbeidsgjevar behandle opplysningar om helsa til dei tilsette?

    Det følgjer av arbeidsmiljølova § 9-4 første ledd at arbeidsgjevar må ha spesielle grunnar for å krevje medisinske undersøkingar av arbeidstakarane. Føresegna nemner tre alternative grunnlag: lov, særleg risiko eller nødvendig for å verne liv eller helse. Vilkåra kan reknast som eit krav om sakleg avveging av behova i verksemda mot personvernet til arbeidstakarane. Eit typisk døme kan vere pilotar som jamleg må gjennom medisinske testar for å halde på retten til å fly med passasjerar. Det er ikkje noko tilsvarande behov for jamleg helsesjekk av lærarar.