Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 221

  1. Kva meiner vi med inhabilitet?

    Å vere inhabil som offentleg tenestemann vil seie at folk flest ikkje har tillit til at tenestemannen er upartisk i saksbehandlinga. Det er inhabilitet når eit av vilkåra i forvaltningslova § 6 er oppfylt. Føresegna skildrar forhold som er eigna til å skape mistillit. Nokre av forholda fører automatisk til inhabilitet, sjå § 6 første ledd. Andre forhold er skjønsmessige, sjå § 6 andre ledd. Generelt kan vi seie at inhabilitet inneber at ein tenestemann har for nære personlege interesser i utfallet av saka.

  2. Kva er føremålet med reglar om inhabilitet?

    Føremålet med reglane er å motverke partiske avgjerder. Tilliten mellom forvaltninga og folket avheng av ei upartisk og sakleg forvaltning. Reglane om inhabilitet skal òg verne tenestemenn mot å bli sett i ubehagelege situasjonar der dei må ta avgjerder som har mykje å seie for nære slektningar, vener eller fiendar.

  3. Kva meiner vi med inhabilitet etter § 6(1)?

    Forvaltningslova § 6 første ledd har ei liste med fem kategoriar av forhold som gjer ein tenestemann inhabil. Desse forholda fører automatisk til inhabilitet. Som tenestemann er du inhabil dersom du sjølv er part i saka. Ein tenestemann kan ikkje avgjere sin eigen søknad, jf. § 6 første ledd bokstav a. Ein tenestemann er inhabil dersom ein slektning i rett opp- eller nedstigande linje, eller søsken, er part i saka, jf. § 6 første ledd bokstav b. Tenestemannen er inhabil dersom hans noverande eller tidlegare ektefelle er part i saka, jf. § 6 første ledd bokstav c. Nokre personar får av ulike grunnar oppnemnt verje. Ein tenestemann er inhabil dersom han er verje eller fullmektig for ein person som er part i saka, jf. § 6 første ledd bokstav d. Ein tenestemann er inhabil dersom han eller ho er leiar eller har leiande stilling i ei foreining eller eit selskap som er part i saka. Det same gjeld dersom han er medlem av styret, jf. § 6 første ledd bokstav e.

  4. Kva meiner vi med inhabilitet etter § 6(2)?

    Etter denne regelen kan ein tenestemann bli inhabil dersom det finst «særegne forhold som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». Særeigne forhold er forhold som ikkje er vanlege. Vanleg kjennskap eller venskap mellom personar er ikkje nok til å skape inhabilitet. Er derimot kjennskapen eller venskapen av ekstraordinær karakter, kan vedkomande bli inhabil. Fiendskap vil òg kunne vere eit særeige forhold. Ved avgjerda av om det finst særeigne forhold eigna til å svekkje tilliten, skal det blant anna leggjast vekt på om utfallet i saka inneber ein særleg fordel, tap eller ulempe for tenestemannen eller nokon han eller ho har nær personleg tilknyting til.

  5. Kva meiner vi med inhabilitet etter § 6(3)?

    Ein tenestemann blir automatisk inhabil til å treffe avgjerd dersom hans eller hennar direkte overordna sjef i det same organet er inhabil, jf. § 6 tredje ledd. Dette blir kalla avleidd inhabilitet. Tenestemannen er ikkje inhabil til å leggje til rette grunnlaget for ei avgjerd, berre til å ta avgjerda.

  6. Kva slags tilfelle høyrer inn under § 6(4)?

    Reglane i § 6 andre og tredje ledd gjeld ikkje ved kurante avgjerder som praktisk talt ikkje krev skjønsmessig vurdering, jf. § 6 fjerde ledd. Døme på slike avgjerder kan vere ei avgjerd ein prest tek om å vigsle eit ektepar, eller ei avgjerd ein tenestemann i Statens vegvesen tek om at ein teoretisk førarprøve, der svara blir kryssa av i fleirvalsoppgåver, ikkje er bestått. I slike tilfelle er det ikkje rom for partiske avgjerder.